Giskeætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Giskeætta var ei norsk stormannsætt i mellomalderen. Den har namn etter garden og øya GiskeSunnmøre. Giske kyrkje vart truleg reist som familiekapell.[1]

Stamfar til ætta var Torberg Arneson av ætta arnmødlingane, son av Arne Arnmodsson og bror til Arne, Finn og Kalv Arneson. Han var gift med dotter til Olav den heilage sin fiende Erling Skjalgsson på Sole, men var likevel lojal mot kongen og følgde han i utlegd. Dotter til Torberg, Tora, vart i 1047 gift med Harald Hardråde og dermed stammor til den komande kongeslekta.

Av Torberg sine søner fall Øystein Orre i 1066 i slaget ved Stamford Bridge, medan den andre sonen, Ogmund, vart far til den første norske krossfararen Skofte Ogmundsson som døydde på krossferd i 1103. Sonen Pål Skofteson spelte inga framtredande rolle, men son hans att, Nikolas Kuvung (død 1213 og mogleg byggherre til Giske kyrkje), var særs viktig under borgarkrigane. Han utmerkte seg gjennom lojalitet til Magnus Erlingsson, men etter at Erlingsson døydde i 1184 trekte Kuvung seg tilbake frå det politiske liv. I hans stad trod sonen Pål Flida fram, tilhengjar av Skule jarl. Pål sin son Peter, stod på Håkon Håkonsson si side, sjølv om han vart mistenkt for å sympatisere med hertug Skule.

Giskeætta døydde ut 1265 med Peter sin son Nikolas Petersson. Gjennom dotter Margareta, som var gift med Bjarne Erlingsson, gjekk Giskegarden (som mellom anna bestod av heile øya Giske på den tida) over til Bjarkøyætta.

Giskegodset[endre | endre wikiteksten]

Gjennom kjøp og ekteskap vart Giskeætta opphav til ei samling eigedommar kalla Giskegodset. Siste eigar av ætta var Gørvel Fadersdotter (død i 1605), dotterdotter til Knut Alvsson. Ho gav godset til den danske krona ved Fredrik 2. Då omfatta det 192 gardar, 122 på Sunnmøre, 57 i Romsdal og 13 i Nordland. Godset vart styrt av ulike personar som fekk det i len av kongen. I 1648 vart godset seld til Hannibal Sehested, men i 1651 inndrog kongen det att då Sehested fall i unåde. I løpet av det neste hundreåret vart godset delt og seld i mindre delar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Nordisk familjebok. Uggleupplagan [1]