Borno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Borno
Nigeria Borno State map.png
Land Flag of Nigeria.svg Nigeria
Hovudstad Maiduguri
Areal 70 898 km²
Type delstat
Folketal 4 151 193
NigeriaBorno.png
Wikimedia Commons: Borno State

Borno er ein av 36 delstatar i Nigeria. Han ligg nordaust i landet og grensar til Kamerun, Niger og Tsjad i tillegg til delstatane Yobe, Adamawa og Gombe. Maiduguri er administrasjonssenter i Borno.

Borno blei grunnlagd i 1976 gjennom delinga av North-Eastern State. I 1991 blei Yobe skild ut frå Borno.

Det blei erklært unntakstilstand i Borno og nabodelstatane Adamawa og Yobe i mai 2013 på grunn av konflikten mellom den militante islamistgruppa Boko Haram og det nigerianske militæret.[1][2] I juli 2014 erklærte delstatsguvernøren Kashim Shettima at 176 lærarar var blitt drepne og 900 skular øydelagde her sidan 2011.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]