Borrby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°27′26.543″N 14°10′41.365″E

Skilt med teksten Välkomen till Borrby - Österlens Hjärta.
Borrby skule frå vest.
Borrby kyrka frå nordaust.

Borrby er ein tettstad i Simrishamns kommun i Skåne län i Sverige. Han ligg på Österlen mellom Simrishamn og Ystad. I 2005 hadde tettstaden 947 innbyggjarar.

I Borrby finst det både industri og jordbruk. Av servicetilbod har Borrby apotek, helsestasjon, pizzeria, restaurant, daglegvarebutikk, postkontor og sparebank. I Borrby ligg òg Sankta Maria kyrka, ei kyrkje som stammar frå 1100-talet.

Borrby har ein fotballklubb, Borrby IF, som blei grunnlagt i 1926. Dei spelar i 6. divisjon. Heimebanen er Borresvall, ein idrettsplass i utkanten av byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]