Brønnøysund
Utsjånad
| Brønnøysund | |||
| By | |||
Storgata i Brønnøysund | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Nordland | ||
| Kommune | Brønnøy | ||
| Areal | 3,38 km² | ||
| Folketal | 5 093 (2024) | ||
| Folketettleik | 1 507 / km² | ||
| Postnummer | 8900 BRØNNØYSUND | ||
| Ferdselsårer | 76 Hurtigruta | ||
![]() Brønnøysund 65°28′30″N 12°12′43″E / 65.4749°N 12.21196°E | |||
| Wikimedia Commons: Brønnøysund | |||
Brønnøysund er ein by og administrasjonssenteret i Brønnøy kommune i Nordland. Tettstaden har 5 093 innbyggjarar per 1. januar 2024 og fekk bystatus i 1996. Brønnøysund vart likevel ladestad allereie i 1923, og hadde då ein byliknande busetnad. Rett utanfor og frå Brønnøysund kan du sjå Torghatten som er eit kjent landemerke i Nordland.

Hurtigruta stoppar i byen to gonger om dagen, sørgåande om ettermiddagen og nordgåande rett over midnatt. Brønnøy kyrkje som står i Sørbyen vart innvia i 1870, men den fyrste kyrkja vart bygd så tidleg som på slutten av 1100-talet.
Tettstaden er mest kjend bland nordmenn flest for Brønnøysundregistra.
Den 6. mars 1995 la Brønnøysunds Avis som fyrste avis i Noreg ut nyhendestoff på internett.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- bronnoysund.com - lokal portal for Brønnøysund og Brønnøy
- Brønnøysund turistinformasjon
- Brønnøysund lufthamn Arkivert 2004-10-19 ved Wayback Machine.

