Brabazon-komiteen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Bristol Brabazon

Brabazon-komiteen vart sett saman av den britiske regjeringa under andre verdskrig for å forsikra om at britisk flyindustri ville vera konkurransekraftig på ein internasjonal marknad den dagen krigen var over.

Formannen til komiteen var John Moore-Brabazon, som var den første engelskmannen som hadde ført eit motorisert luftfartøy og var innehavar av Storbritannias første flysertifikat. Han hadde vore transportminister, og vart seinare minister for militærflyproduksjon (Minister of Aircraft Production). Han vart i 1942 utpeikt av Winston Churchill til å leia komiteen som uoffiselt skulle få hans namn. Innan komiteen kom i gang, var han utnemnt til baron Brabazon of Tara.

Den første komiteen[endre | endre wikiteksten]

Komiteen kom første gong saman i desember 1942. Det vart sett opp retningslinjer for kva slags fly ein forventa ville kunna vera konkurransekraftige på ein framtidig sivil marknad. Ein såg òg på motortypar.

dei Havilland Dove

Komiteen leverte i februar 1943 sin første rekommendasjon til regjeringa. Ein hadde kome til at britisk flyindustri allereie hadde, eller snart ville ta i bruk, passande flytypar som kunne tilpassast sivilt bruk:

Vickers Viscount

Vidare skulle ein utvikla 5 nye fly:

  • Type I: eit landbasert langdistansefly for nord-atlantiske flyruter.
  • Type II: eit økonomisk alternativ til DC-3 for europeiske ruter.
  • Type III: eit firemotors landbasert mellomdistansefly for trafikk innan det britiske imperiet.
  • Type IV: eit jetdrevet postfly for trafikk over nord-atlanteren.
  • Type V: eit tomotors matefly for trafikk frå kortbanenettet til storflyplassane, med plass til 14 passasjerar.
de Havilland Comet

Produksjonen av desse flya skulle ta til så forte krigsinnsatsen tillét det. Under ingen omstende skulle utviklinga av desse flya gå ut over krigsproduksjonen.

Den andre komiteen[endre | endre wikiteksten]

Etter innstillingane til den første komiteen, vart det i mai 1943 sett saman ein ny, denne gongen med eit større innslag av folk frå flyindustrien der den første komiteen stort sett bestod av politikarar. Dens innstilling var mykje meir spesifikk med tanke på kva for produsentar som skulle produsera kva for fly. I tillegg hadde komiteen fylt på med ytterlegare eit par kategoriar. Innstillinga til den andre Brabazon-komiteen kan verta slik summert:

Type Skildring Produsent Namn
I Nord-Atlanteren utan opphald Bristol Brabazon
II Europeisk transport Airspeed Ambassador
III a Langdistanse innan Imperiet Avro 693
III b Mellomdistanse innan Imperiet Avro 690
IV Raskt postfly dei Havilland 106
V a Transport/matefly Miles Marathon
V b Lett transport dei Havilland Dove

Konklusjon[endre | endre wikiteksten]

Til trass for arbeidet til komiteen, måtte ein tidleg sjå seg slegen av fly som Douglas DC-4 og Lockheed Constellation. Likevel vart eit par av flya som kom ut av arbeidet til komiteen, som dei Havilland Comet, dei Havilland Dove og Vickers Viscount, ein betinget suksess.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

«The Brabazon Committee and British airliners 1945-1960», Mike Phipp 2007