Short Sunderland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Short Sunderland

Short S.25 Sunderland var eit britisk firemotors sjøfly som vart utvikla for Royal Air Force av Short Brothers. Flyet var basert på sjøflyet Short Empire, og prototypen flaug fyrste gong 16. oktober 1937. Namnet er teke frå byen Sunderland i England.

Sunderland i militær teneste[endre | endre wikiteksten]

Flyet var eit av dei kraftigaste og mest robuste sjøflya under andre verdskrigen. Det vart brukt i patruljeteneste og anti-ubåtkrigføring i dei fleste krigsområda. I Noreg vart Short Sunderland nytta av 330 skvadron.

Land som nytta Sunderland:

Sunderland i sivil teneste[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen vart ei rekkje av Sunderland-flya konverterte til sivile passasjerfly. Desse fekk nemninga Short Sandringham.

Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Short Sunderland
Dimensjonar Sunderland Mk III
Vengespenn 34,39 m
Lengd 26,01 m
Høgd 9,79 m
Vingeareal 138,14
Tomvekt 14 969 kg
Ytingar
Toppfart 341 km/t
Rekkjevidd 2 848 km
Maksimal lasta vekt 26 308 kg
Anna
Motor 4× Bristol Pegasus XVIII stjernemotorar (1 066 hk kvar)

Bestykning 1× 7,7 mm Vickers GO mitraljøse 2× 12,7 mm Browning mitraljøser 10× 7,7 mm Browning mitraljøser



Våpenlast Opptil 2 250 kg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]