Brahmagupta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Brahmagupta (598668) var ein indisk matematikar og astronom. Han er best kjend for å ha definert null og teke det i bruk som eit tal.

Brahmagupt var son av Jisnugupta. Han vart fødd i Bhinmal, då hovudstaden til Gurjara-dynastiet, no i delstaten Rajasthan i nordvestlege India. Som astronom blei Brahmagupta leiar for astronomisenteret i Ujjain, det fremste matematiske senteret i India. Han skreiv to kjende verk, Brahmasphutasiddhanta (ca. 628) og Khandakhadyaka (665). I Brahmasphutasiddhanta handsamar han null som eit tal i eigen forstand. I dette verket gjev han òg reknereglar for aritmetikk med negative tal og null. Han freista òg å definere divisjon med null.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • O'Connor, John J., og Robertson, Edmund F: «Brahmagupta». MacTutor History of Mathematics archive.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • O'Connor, John J., og Robertson, Edmund F: «Brahmagupta». MacTutor History of Mathematics archive.
Spire Denne matematikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.