Brearve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Brearve
Brearve
Brearve
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Nellikfamilien Caryophyllaceae
Slekt: Storarveslekta Cerastium
Art: Brearve C. cerastoides
Vitskapleg namn
Cerastium cerastoides

Brearve (Cerastium cerastoides) er ei urt i nellikfamilien. Planta vert kring 10 cm høg. Ho har liggjande stengel med opprette greiner, stundom med litt hår øvst. Blada er snaue og lysgrøne. Blomserskaftet har ei stripe med hår. Kapselen er dobbelt så lang som begeret.

Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. I Noreg veks han i alle fjelltrakter og blomstrar kring juli månad på våte stader og snøleger. Brearven er funnen opp til 2040 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]