Breheimsenteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°39′5.2704″N 7°16′33.431″E

Breheimsenteret
Jostedalsbreen

Breheimsenteret er eit informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark, som ligg i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane, tett ved Nigardsbreen som er rekna som den lettast tilgjengelege breen i Noreg.

Senteret opna i 1993. Det informerer om natur- og kulturhistorie gjennom ulike utstillingar, i samarbeid med Universitetet i Bergen, Historisk Museum, NVE, Statkraft, og lokale krefter. Bygget er teikna av Arkitektkontoret 38 A/S i Sogndal, ved arkitekt Rolf Sande.

Senteret har kafeteria og klatrevegg for born, og er ope for publikum i perioden 1. mai – 1. oktober.

Breheimsenteret brann ned til grunnen om kvelden 28. juli 2011. Brannårsaka er førebels ukjend.[1][2] Senteret blei bygd opp att og stod klart i mai 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]