Jostedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrhorn skildra av Johannes Flintoe om lag 1840

Jostedalen er eit dalføre i Luster kommune. Dalen ligg ved Jostedalsbreen. Mellom anna er dalen kjend for segna om Jostedalsrypa. Dalføret går frå Gaupne i Luster og innover mot Jostedalsbreen. Gjennom dalen renn elva Jostedøla. Vegen gjennom Jostedalen, riksveg 604, vert mellom anna nytta av dei mange som skal inn til Nigardsbreen. Breheimsenteret i Jostedalen er nasjonalt informasjonssenter for Jostedalsbreen nasjonalpark - bygningen vart øydelagd av brann 28.juli 2011[1]. Nigardsbreen, som ligg like ved sida av Breheimsenteret, er den lettest tilgjengelege av brearmane frå Jostedalsbreen. Jostedal var frå 1837 til 1963 ein eigen kommune. Både fossar og brearmar stuper ned i dalen som har om lag 450 innbyggjarar (april 2006). Jordbruk, offentleg administrasjon og industri er dei viktigaste næringsvegane. Unnateke landbruk er dei fleste arbeidsplassane i gåpn (Gaupne) som er kommunesenter i Luster.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.