Breiband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Breiband, som omfattar ADSL- (Asymmetric Digital Subscriber Line) og andre DSL-teknologiar, er den klart vanlegaste oppkoplinga mot Internett i norske heimar. Ordet kjem fra 'brei bandvidde' og er ei nemning på høgkapasitets tovegs dataoverføring mellom ein sluttbrukar og ein tilbydar.

Ekte breiband må kunne støtte dataoverføringar på > 2 Mb/s (jf. offentlege utreiingar). Men oppkoplingar med 1 000 – 2 048 kb/s vert ofte òg kalla breiband. (Til samanlikning har ei ISDN-line ein kapasitet på 64 kb/s.)

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er breiband dobbelt så vanleg blant hushaldningar med høg bruttoinntekt (over 600 000 kr) som blant dei med låg inntekt (under 200 000 kr). I 2006 hadde 53 prosent av alle norske hushaldningar breiband heime. (Men i Oslo og Rogaland hadde 61 prosent av alle hushaldningar breiband allereie i 2005.) Per september 2006 var det 1 194 265 breibandsabonnement i drift i Noreg. 1 073 467 av desse var privateigde. (Resten var betalte av bedrifter.) Den kommunen der breiband er vanlegast, er Sunndal, med 82,2 prosent av hushaldningane. På sisteplass kjem Gáivuotna Kåfjord, med berre 47 abonnentar, eller fem prosent av hushaldningane.

(Tal frå Statistisk sentralbyrå, 3. kvartal 2006.)

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.