Brennåsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Brennåsen er ei bygd i Songdalen kommune i Vest-Agder, med 296 innbyggjarar per 1. januar 2012. Bustadfelta Kolekniben og Volleberg høyrer til Brennåsen. Eit kjøpesenter er lokalisert til staden. Brennåsen, som ligg 10 kilometer vest for Kristiansand, høyrde til tidlegare Greipstad kommune fram til 1960-åra.

E39, europavegen mellom Kristiansand og Stavanger, passerer gjennom Brennåsen. Fylkesveg 461 tek til i Brennåsen og går gjennom Songdalen kommune og forbi Laudal og endar med å verte knytt til E39 att i Kvinesdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950