Brennmanet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brennmanet


Brennmanet
Brennmanet

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Cnidaria
Klasse: Scyphozoa
Orden: Semaeostomeae
Familie: Cyaneidae
Slekt: Cyanea
Art: C. capillata
Vitskapleg namn
Cyanea capillata

Brennmanet (Cyanea capillata) er ei stor manet som lever nord i Atlanterhavet, Stillehavet og Nordishavet. Ho kan bli opptil 2 meter i diameter, og er det største kjende nesledyret. Dei største eksemplara lever i arktiske strok. Bortsett frå glasmaneta er brennmaneta den vanlegaste maneta i norske farvatn.

Brennmaneta er oftast gul til raud eller brungul i farge, og er utstyrt med lange tentaklar som kan bli opptil 30 meter lange. På desse har ho nesleceller som inneheld nervegifter som lammar byttedyr.

Brennmaneter lever om lag i eit år. Dei første eksemplara dukkar opp om våren og veks raskt utover sommaren. I juli-august formeirar dei seg, og larvane klekkjer kort tid etter. Desse fester seg til botnen og lever fastsitjande som polyppar. Manetene døyr om hausten og vinteren, men polyppane overlever og slepp ut nye maneter neste vår.