Hopp til innhald

Bromley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bromley
by
Sydenham Road
Land  England
Region Stor-London
Distrikt Bromley
Folketal 87 889
Postnummer BR1
Retningsnummer 0 20
Kart
Bromley
51°24′23″N 0°01′06″E / 51.406444444444°N 0.018305555555556°E / 51.406444444444; 0.018305555555556
Wikimedia Commons: Bromley (town)

Bromley er ein by og kjerneområdet i bydelen Bromley i London. Sentrum ligg omkring femten kilometer søraust for Charing Cross. Fram til 1965 var Bromley ein by i Kent, og han har halde bystatusen sin sjølv om han er innlemma i Stor-London.

Namnet kjem frå gammalengelsk brōme-hlǣwe, «koste-åsen», og er først skrive Bramelewe i 1272. Ordet brōme vart gjerne nytta i samband med rydningar, der skogen var «feia bort».

Bromley vert rekna med blant ti større bysenter i Londonplanen. Staden har ei gågate og eit stort kjøpesenter i sentrum, samt Bromley Civic Centre. To jernbanestasjonar, Bromley South og Bromley North, har samband til London Victoria, London Blackfriars og Grove Park.

Fotballklubben til byen er Bromley FC.

Kjende innbyggjarar

[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei mest kjente bysbarna er forfattaren H.G. Wells, som vart fødd i Bromley i 1866. Ein æresvegg til hans minne står på Market Square, og vart renovert i 2005. På veggen minnast òg Charles Darwin, som budde i Downe like utanfor Bromley.

Blant andre kjente personar som har budd eller bor i Bromley finn ein Thomas James Harper, David Bowie, Peter Frampton, Aleister Crowley, Jill Cruwys, Pjotr Kropotkin, Topper Headon, Gary Paffett, Mike Conway og Enid Blyton.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Bromley