Broye-Vully

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broye-Vully
District de la Broye-Vully
distrikt
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Vaud
Hovudstad Payerne
Areal 264,98 km²
Folketal 36 246 (2010)
Kommunar 37
Karte Bezirk Broye-Vully 2011.png

Broye-Vully er eit distrikt i kantonen Vaud i det sørvestlege Sveits. Distriktet har eit areal på 265 km², og hadde 35 305 innbyggarar i 2009. Payerne er hovudstad i distriktet, som ligg lengst nordaust i kantonen og er delt i to åtskilde område. Begge områda grensar til kantonen Fribourg. Det nordlegaste området, som er ein enklave, har i nord ei kort grense til kantonen Bern.

Broye-Vully omfattar 37 kommunar. Payerne er den einaste av kommunane med meir enn 5 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Avenches, Brenles, Bussy-sur-Moudon, Carrouge, Champtauroz, Chavannes-sur-Moudon, Chesalles-sur-Moudon, Chevroux, Corcelles-le-Jorat, Corcelles-près-Payerne, Cremin, Cudrefin, Curtilles, Dompierre, Faoug, Forel-sur-Lucens, Grandcour, Henniez, Hermenches, Lovatens, Lucens, Missy, Moudon, Prévonloup, Ropraz, Rossenges, Sarzens, Syens, Trey, Treytorrens i Vaud, Valbroye, Villars-le-Comte, Villarzel, Vucherens, Vulliens og Vully-les-Lacs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]