Bruce Langhorne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bruce Langhorne
Mrtambourineman.jpg
Fødd11. mai 1938(1938-05-11)
FødestadTallahassee
Død14. april 2017 (78 år)
OpphavUSA
SjangerFolkemusikk
Instrumentgitar, tamburin
Verka sommusikar, gitarist, perkusjonist

Bruce Langhorne (11. mai 193814. april 2017) var ein USA-amerikansk folkemusikar. Han var aktiv i visemiljøet i Greenwich Village i 1960-åra, hovudsakleg som studiomusikar der han spelte gitar på andre sine visealbum og konsertar.

Han byrja å akkompagnere visesongaren Brother John Sellers på klubbar i Greenwich Village, og byrja kort tid etter å arbeide med andre musikarar som The Clancy Brothers & Tommy Makem, Joan Baez, Richie Havens, Carolyn Hester, Peter LaFarge, Gordon Lightfoot, Hugh Masekela, Odetta, Babatunde Olatunji, Peter, Paul and Mary, Richard og Mimi Fariña, Tom Rush, Steve Gillette og Buffy Sainte-Marie. I 1963 akkompagnerte han Bob DylanThe Freewheelin' Bob Dylan og i 1965 var han ein av fleire gitaristar på albumet Bringing It All Back Home.

Bob Dylan-songen «Mr. Tambourine Man» var inspirert av Langhorne, som brukte å spele på ei stor tyrkisk tromme.[1][2] Tromma var kjøpt i ein butikk i Greenwich Village og hadde små bjøller langs innsida som gav ein lyd som minna om ein tamburin. Langhorne brukte instrumentet mest på innspelingane til Richard og Mimi Fariña.[3] Tromma er no i samlinga til Experience Music Project i Seattle i Washington.

I tillegg til å vere inspirasjonskjelda til «Mr. Tambourine Man» spelte Langhorne motmelodien på elektrisk gitar på songen.[4] Gitaren hans er òg framtredande på andre Dylan-songar som «Love Minus Zero/No Limit» og «She Belongs to Me» og han spelte sologitar på «Subterranean Homesick Blues», «Outlaw Blues», «Bob Dylan's 115th Dream» og «Maggie's Farm».[1][4] Fleire år seinare spelte Langhorne på somme songar på albumet Pat Garrett and Billy the Kid.[1][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Bruce Langhorne». AllMusic. Henta 22. juli 2009. 
  2. Unterberger, Richie. «Bruce Langhorne Interview». Henta 20. november 2016. 
  3. «Bruce Langhorne». Henta 23. november 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Gray, M. (2008). The Bob Dylan Encyclopedia (revised and updated utg.). Continuum. s. 395–396. ISBN 978-0-8264-2974-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]