Richie Havens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richie Havens
Richie Havens 1972 Hamburg.jpg
Verkeleg namn Richard Pierce Havens
Fødd 21. januar 1941
Brooklyn
Død

22. april 2013
Jersey City

Richie Havens (21. januar 194122. april 2013)[1]) var ein amerikansk gitarist, songar og låtskrivar.[2] Musikken hans bestod av element frå folkrock, soul, funk og rhythm and blues. Han er best kjent for sin intense og rytmiske gitarstil, ofte i open stemming, sjelfylte versjonar av eigne og kjende pop- og folkrocksanger. Han opna Woodstockfestivalen i 1969 med den akustiske gitarlåten «Motherless Child», der han improviserte det kjende refrenget «Freedom... Freedom!».

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Havens var fødd i Brooklyn som den eldste av ni.[2] Han var av indiansk avstamming (Blackfoot) på farssida og stamma frå Britisk Vestindia på morssida.[3] Som ung i Bedford-Stuyvesant byrja Havens laga utandørs doo-wop-grupper med venene sine og opptredde med McCrea Gospel Singers då han var 16.[2]

Som tjueåring hadde Havens flytta frå Brooklyn til kunstnarområdet Greenwich Village. Han kom dit i beatniktida for å framføra poesi, laga portrett i eit par år og høyrde folkemusikk i klubbane. Etter ei tid byrja han spela gitar sjølv.[4]

Richie Havens i 1974.

Havens sine soloframsyningar blei kjende, også utanfor folkemusikkrinsen i Greenwich Village.[2] Han gav ut to plater på Douglas Records før han fekk Bob Dylan sin manager, Albert Grossman, som manager og fekk platekontrakt med Verve Folkways (seinare Verve Forecast). Verve gav ut Mixed Bag seint i 1966.[5]

I 1969 hadde Havens gjeve ut fem til album. To av desse var uautoriserte utgjveingar av Douglas Records (eller Douglas International[6]): Electric Havens (1968)[6][7][8] og Richie Havens Record (1969).[7][9] Something Else Again (1968) blei Havens sitt første album på Billboard-lista, og gjorde at også Mixed Bag kom tilbake på salslistene.

Woodstock[endre | endre wikiteksten]

Opptredenen til Havens på Woodstockfestivalen i 1969 var eit vendepunkt i karrieren hans som konsertmusikar.[2] Havens vart ropt tilbake til scena for fleire ekstranummer. Etter at han ikkje lenger hadde fleire nye songar å spela, byrja han å improvisera ein song basert på den gamle spiritualen «Motherless Child» som vart til «Freedom». Den påfølgjande filmen om Woodstockfestivalen bidrog til at Haven sin fekk ein internasjonal karriere. Han opptredde òg ved Isle of Wight-festivalen same år, seint i august.[10]

Då Havens døydde etterlét han tre born, fem barneborn og to oldeborn.[11]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album US Top 200
1967 Mixed Bag 182
1968 Something Else Again 184
1968 Electric Havens 192
1969 Richie Havens' Record
1969 Richard P. Havens, 1983 80
1970 Stonehenge 155
1971 Alarm Clock 29
The Great Blind Degree 126
1973 Portfolio 182
1974 Mixed Bag II 186
1976 The End of the Beginning 157
1977 Mirage
1980 Connections
1983 Common Ground
1987 Simple Things 173
Sings Beatles and Dylan
1991 Now
1994 Cuts to the Chase
2002 Wishing Well
2004 Grace of the Sun
2008 Nobody Left to Crown[2]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Year Album US Top 200
1972 Richie Havens on Stage 55
1990 Live at the Cellar Door

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]