Love Minus Zero/No Limit
| «Love Minus Zero/No Limit» song av Bob Dylan frå albumet Bringing It All Back Home | ||
| Språk | engelsk | |
| Utgjeve | 22. mars 1965 | |
| Innspelt | Columbia Recording Studios i New York City den 14. januar 1965 | |
| Sjanger | Folkrock | |
| Lengd | 2:51 | |
| Selskap | Columbia | |
| Komponist | Bob Dylan | |
| Tekstforfattar | Bob Dylan | |
| Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
|---|---|---|
| Produsent | Tom Wilson | |
«Love Minus Zero/No Limit» (vert lese «Love Minus Zero over No Limit») er ein song av Bob Dylan på albumet Bringing It All Back Home frå 1965. Songen har ein enkel melodi i E, og legg vekt på Dylan sine stadig meir kompliserte metaforar og rytmeskjema i midten av 1960-åra. Songen viser til ein slags vilkårslaus kjærleik som ikkje dømer og som ikkje vert distrahert av materielle ting.
Stil og instrument
[endre | endre wikiteksten]|
My love she speaks like silence,
Bob Dylan |
Utgåva på Bringing It All Back Home vart spelt inn 14. januar 1965 og var produsert av Tom Wilson.[1][2] Denne utgåva vart spelt inn av heile bandet som Dylan nytta på albumet med elektrisk gitar av Bruce Langhorne.[1][2][3] Songen er melodisk med ei rekkje på tre fallande akkordar som dannar den mest iøyrefallande delen av songen.[4] Musikken er roleg, slik at kjærleiken som vert uttrykt verkar roleg, sjølv om bilete som kapper og dolkar og ristande bruer vert ført fram i teksten.[5] Songen har òg ei latinsk kjensle i melodien og rytmen.[4]
Tolking
[endre | endre wikiteksten]«Love Minus Zero/No Limit» vart skriven som ei hyllest til den framtidige kona til Dylan, Sara Lowndes.[1][6][7] Teksten omtalar ho på ein Zen-liknande måte, ei rekkje motsetnader, som til dømes «speaks like silence» («talar som stillheita») og er både «like ice» («som is») og og «like fire» («som eld»).[1][7] Ei anna kjend linje frå songen er òg i same bane: «She knows there's no success like failure and that failure's no success at all» («Ho veit at det ikkje finst noko suksess som fiasko og at fiasko ikkje er suksess i det heile») [1]
Andre framføringar
[endre | endre wikiteksten]Dylan har spelt støtt og stadig sidan han vart skriven. Han finst på mange samlealbum som Masterpieces og konsertalbumet Bob Dylan at Budokan.[4] Andre konsertopptak finst på The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue, MTV Unplugged og The Concert for Bangladesh.[4]
Andre utgåver
[endre | endre wikiteksten]Songen har vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre The Turtles, The Walker Brothers, The Leaves, Judy Collins, Eric Clapton, Fleetwood Mac, Rick Nelson og Les Fradkin.[8]
Norske versjonar
[endre | endre wikiteksten]Terje Mosnes skreiv ein norsk tekst for songen kalla «Natt for lange kniver» som vart framført av Inger Lise Rypdal i 1969. Ein annan norsk tekst vart skriven av Stein Erik Lunde og selt inn av Kåre Virud i 1975 med tittelen «Kjærlighet minus null».
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]I ei lesarundersøking i magasinet Mojo i 2005 vart «Love Minus Zero/No Limit» kåra til den 20. beste Bob Dylan-songen, og på ei liknande liste forma av andre musikarar hamna songen på 32. plass.[9] I 2002 kåra Uncut songen til den 23. beste Bob Dylan-songen.[10] Den australske musikkritkaren Toby Creswell inkluderte songen i boka si 1001 Songs: The Great Songs of All Time and the Artists, Stories and Secrets Behind Them.[6]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Love Minus Zero/No Limit» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 4 5 Heylin, C. (2009). Revolution in the Air. Chicago Review Press. s. 224–226. ISBN 978-1-55652-843-9.
- 1 2 Gray, M. (2008). The Bob Dylan Encyclopedia: Revised and Updated Edition. Continuum. s. 395–396. ISBN 978-0826429742.
- ↑ «Bruce Langhorne». allmusic. Henta 22. juli 2009.
- 1 2 3 4 «Love Minus Zero/No Limit». allmusic. Henta 20. oktober 2009.
- ↑ Shelton, R. (1986). No Direction Home. Da Capo Press. s. 272–273, 421. ISBN 0-306-80782-3.
- 1 2 Creswell, Toby (2006). 1001 Songs: The Great Songs of All Time and the Artists, Stories and Secrets Behind Them. Da Capo Press. s. 803. ISBN 978-1560259152.
- 1 2 Gill, A. (1998). Don't Think Twice, It's All Right. Thunder's Mouth Press. s. 71–72. ISBN 1 56025 185 9.
- ↑ «Love Minus Zero/No Limit covers». allmusic. Henta 20. oktober 2009.[daud lenkje]
- ↑ «100 Greatest Dylan Songs». Mojo. November 2005. Henta 24. juli 2009.
- ↑ «Uncut – Top 40 Dylan Tracks». Uncut. June 2002. Henta 20. oktober 2009.
- Bob Dylan-songar
- Songar frå 1965
- Songar skrivne av Bob Dylan
- The Walker Brothers-songar
- Steve Harley-songar
- Joan Baez-songar
- Judy Collins-songar
- The Turtles-songar
- Rod Stewart-songar
- Fleetwood Mac-songar
- Eric Clapton-songar
- Buck Owens-songar
- Jackson Browne-songar
- Duane Eddy-songar
- Rick Nelson-songar
- Åge Aleksandersen-songar
- Leon Russell-songar
- Ralph McTell-songar
- Inger Lise Rypdal-songar