Odetta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Odetta
Odetta.jpg
Odetta ved Kent State Folk Festival i 2006.
Fødd 31. desember 1930
Birmingham i Alabama
Død

2. desember 2008
New York by

Odetta på Commons
Odetta (Burg Waldeck-Festival 1968, Germany)

Odetta Holmes (31. desember 19302. desember 2008), best kjend under artistnamnet Odetta, var ein afroamerikansk songar som song amerikansk folkemusikk, blues og spirituals.

Odetta vart fødd i Birmingham i staten Alabama, men voks opp i Los Angeles. Foreldra hennar var Flora og Reuben Sanders. Faren hennar døydde då ho var svært ung og mora gifta seg på nytt og gav borna sine etternamnet til stefaren; Felious, og heile familien flytta til Los Angeles. Då var Odetta seks år.

Odetta byrja tidleg å ta både song- og pianotimar. Då ho byrja på ungdomsskulen forstod ho sjølv kva for eit songtalent ho hadde.

Allereie som fjortenåring gjorde ho diverse musikalske opptredenar i Hollywood. Odetta førebudde seg på ein karriere som songar ved teater og operaer då venene hennar introduserte henne for moderne blues, rock og folkemusikk og høvet til å studera musikk ved Los Angeles City College.

Det første albumet hennar kom i 1954 og vart utgjeve av selskapet Fantasy Records. I 1963 kom albumet Odetta sings Folk songs, som vart det mest populære og meste selde albumet det året. Andre artistar som Bob Dylan og Janis Joplin var inspirert av musikken til Odetta.

Plateutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1956: Odetta Sings Ballads & Blues
  • 1957: Odetta At the Gate of Horn
  • 1960: My Eyes Have Seen
  • 1960: Ballad For Americans
  • 1960: Odetta At Carnegie Hall
  • 1960: 1960 Christmas Spirituals
  • 1962 Odetta At Town Hall
  • 1962 Odetta and The Blues
  • 1962 Sometimes I Feel Like Cryin'
  • 1963 One Grain Of Sand
  • 1963 The Tin Angel (with Larry Mohr)
  • 1963 Odetta Sings Folk Songs
  • 1964 It's A Mighty World
  • 1964 Odetta Sings Of Many Things
  • 1965 Odetta Sings Dylan
  • 1966 Odetta In Japan
  • 1967 Odetta
  • 1967 The Best Of Odetta
  • 1970 Odetta Sings
  • 1976 Odetta At The Best Of Harlem
  • 1987 Movin' It On
  • 1987 The Essential Odetta
  • 1988 Christmas Spirituals
  • 1998 To Ella
  • 1999 Blues Everywhere I Go

Kjelder[endre | endre wikiteksten]