Brudgommen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brudgommen, novelle fra svartedauens tid er ein roman skriven av Ingeborg Refling Hagen, utgjeven første gong i 1927Aschehoug. Ei illustrert utgåve vart utgjeven i 1966 med teikningar av Olav Bjørgum.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga følgjer ungjenta Elise Hadstad, som drøymer om å få møte Erik Ekset, spelemannen frå Vestbygda. Ho har aldri møtt han, men drøymer di meir om han. Ho møter han første og siste gong under jonsokdansen på Hellerudstranda, der han lover å møte ho att, ved «vestre leet». Men på same tid som dette møtet, kjem pestepidemien til bygda, og alle på stranda rømmer sin veg i redsle då ein «mager gråblakk hest» kjem til stranda med ein sottedaud kar i ei vogn bak seg. Frå denne eine spreier sjukdomen seg. I eit storbryllaup på Kvålstad snart etter, slår pesta til for alvor, og brudgommen og spelemannen døyr. Elise får bod om dette gjennom ei husmannsjente som og fører sjukdomen til gards. Bror hennar og oldemor hennar døyr, medan Elise sjølv kjenner at ho blir «vigd» til spelemannen av underjordsfolket. Snart etter reiser ho ut etter hjelp, men røyner at det ikkje er hjelp å finne.

Ute i skogen møter ho så brura Alis frå Kvålstad, som går med krona på og nektar å ta ho av, og den unge mora Asgjerd frå Kveset som har mist mannen sin. Alle reiser til stranda for å finne "sundmannen" som skal ta dei daude over til kyrkjegarden. Elise kjem over til sist, og leiter mellom gravene til ho endeleg døyr der.

Diktverket inspirerte til musikk[endre | endre wikiteksten]

Orkesterverket Brudgommen, skrive av Eivind Groven, var ferdig i 1932 og urframført i 1933. Dette verket vart utgjeve på LP-plate i 1964 under leiing av Øivind Fjeldstad. Verket er for kor, orkester og fire solistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hagen, Ingeborg Refling 1927: Brudgommen : en novelle fra svartedauens tid. Oslo, Aschehoug
  • Kraugerud, Alfhild 1951: Dikteriske virkemidler hos Ingeborg Refling Hagen, Oslo, Aschehoug
  • [Groven, Eivind, ved Aslaug Groven Michaelsen] 1971. «Eivind Groven fortel». I: Fjalestad, Olav red. Eivind Groven : Heiderskrift til 70-årsdagen 8. oktober 1971. Oslo, Noregs boklag, 17–89
  • Kydland, Anne Jorunn 1980. Om musikk av Eivind Groven inspirert av Refling Hagens diktning. I: Gundersen, Svein red. Av skalden fikk vi landet : festskrift til Ingeborg Refling Hagen på hennes 85-årsdag 19. des. Tangen, Suttung forlag, 218–52
  • Partitur til Grovens musikk Brudgommen. Tilgjengelig i manuskript på Nasjonalbibliotektet
  • Dalaker, Ingrid Loe, Anne Jorunn Kydland & Dagmara Łopatowska-Romsvik red. 2013. «East of noise», Eivind Groven : Composer, ethnomusicologist, researcher. Trondheim/Oslo, Akademika.