Brunsidelo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunsidelo

Status i verda: LC Livskraftig

Brunsidelo Foto: Tom Tarrant
Brunsidelo
Foto: Tom Tarrant
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Charadriidae
Underfamilie: Vanellinae
Slekt: Erythrogonys
Art: E. cinctus
Vitskapleg namn
Erythrogonys cinctus
Gould, 1838

Brunsidelo (Erythrogonys cinctus) er ein liten vadefugl og ein lett kjenneleg medlem av lofamilien. Brunsideloa er utbreidd over det meste av Det australske kontinentet med høveleg habitat, og på sørlegaste delen av Ny-Guinea. Ho søkjer føde ved ferskvatn og brakkvatn.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brunsideloa er ei lita lo på ca. 18 centimeter med gjennomsnittleg kroppssvekt på 50 gram. I flukt viser ho ein kvit bakkant på oversida av vengen inst mot kroppen, resten av oversida er sjokoladebrun. Halen har kvite ytre fjører med brun midtstripe. Hovudet er svart ned til et stykke under auga, strupen og kinna er kvit. Ho har ein svart krage og brystband som er utvida til ei brun stripe på kroppsidene. Buken og undergumpen er kvit. Nebbet er raudt med ein svart tupp.

Hekkeområdet er avgrensa til område med innsjøar og våtområde i Australia, i tørre periodar trekk dei ut mot kysten. Denne loa kan symje.

Dietten består av virvellause dyr som dei søkjer med nebbet på strender av innsjøar eller i små dammar ved kysten.

Storleiken på populasjonen er stabil og arten har status som livskraftig.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife International (2013) Species factsheet: Erythrogonys cinctus. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. februar 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunsidelo