Bruskfisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bruskfisk


Hai
Hai

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Chondrichthyes
Vitskapleg namn
Chondrichthyes

Bruskfisk (Chondrichthyes) er ein klasse vasslevande virveldyr med bruskskjelett. Dei skilde seg ut or utviklingslinja for 350 millionar år sidan, og er såleis den eldste gruppa fisk med kjevar som me kjenner til. Gruppa omfattar i dag om lag 800 artar hai, skate og havmus i alle verdshav; nokre få tropiske artar går òg opp i ferskvatn.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Bruskfiskane har fått namnet sitt på grunn av skjelettet, som nesten aldri inneheldt bein. Stundom kan det vera forkalka, men som regel er det berre brusk i det. Kroppen deira manglar eigentlege skjel, og har i staden såkalla plakoidskjel; aerodynamiske piggstrukturar av tann-beinet dentin som gjer at huda deira er ru å ta på.

Finnane til bruskfisken står alltid stivt utspilt, og er ikkje bevegelege. Dei sym difor med kroppen. Tennene står i parallelle rekkjer og er ikkje fest til kjevane. Gjellespaltene er ikkje dekt med gjellelokk, og dei fleste bruskfisk har i tillegg ei ekstra gjelleopning bak auga.

Bruskfisk manglar symjeblære, men har ein særs stor lever med høgt oljeinnhald som fyller litt av den same funksjonen. Tarmane deira er spiralforma.

For å skapa god vass/salt-balanse i kroppen i høve til dei ytre omgjevnadane har bruskfisk mykje urea (urinstoff) i vevet. Dette gjer at dei har liten urinproduksjon og lite behov for å drikka. Ein annan konsekvens er at det gjer bruskfiskane vanskelegare å nytta som matressurs - for at det ikkje skal dannast ammoniakk, må kjøtet preparerast riktig og grundig.

Bruskfisk har indre befruktning. Paringsorgana til hannen er omdanna frå bukfinnene, og sæden kan oppbevarast i hoa sitt forplantningsorgan i månadsvis. Sjølve paringa kan vara i mange minutt. Egga til bruskfiskane er store og vert gytt einskildvis. Dei er som regel omslutta av eit solid hylster, ofte med festetrådar. Hjå ein del artar foregår utviklinga frå egg til ungfisk inne i mora - me seier dei er ovovivipare.

Evolusjon og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Pilskate, ein flat bruskfisk frå tempererte og subtropiske delar av Atlanterhavet

Bruskfiskane er ei gamal gruppe, som oppstod allereie i devontida for 350 millionar år sidan. Fossilrekkja er dårleg, sidan brusk sjeldan vert godt bevart, og mykje av kunnskapen vår om forhistoriske bruskfisk er basert på funn av tenner og kjevar.

Ein deler bruskfiskane inn i to underklasser; Heilhovudfisk Holocephali, som omfattar havmysene, og Elasmobranchii, som omfattar haiar og skatar. Havmusa reknast som mest primitiv, og har overkjeven vaksen saman med hovudskallen. Dei har òg færre gjellespalter enn elasmobranchidane.

Elasmobranchii vert tradisjonelt delt inn i haiar og skater. I dag er vitskapsfolk stort sett samde om at denne inndelinga er misvisande. Somme haiartar er nærare i slekt med skatene enn dei er med andre haiar; gruppa er polyfyletisk.