Thomas Huxley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Henry Huxley med sitt karakteristiske kinnskjegg

Thomas Henry Huxley (4. mai 182529. juni 1895) var ein engelsk biolog, best kjend for rolla si som «Darwins bulldogg» - den mest aggressive forkjemparen for Darwin og utviklingslæra hans på 1800-talet. Han var òg sentral i å frigjera britisk undervisningssystem frå kyrkja, og oppfinnaren av ordet «agnostikar».

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Thomas Huxley vart fødd i Ealing vest for London som nest yngst i ein søskenflokk på åtte. Far hans, George Huxley, var matematikklærar ved den lokale skulen heilt til den vart lagt ned; då vart han arbeidslaus og familien fekk økonomiske problem. Som eit resultat av dette forlét Thomas skulen som tiåring, etter berre to år med formell utdanning.

Dette skulle derimot ikkje vera nokon hindring. Huxley vart, som Alfred Russel Wallace ein av sitt hundreårs største sjølvlærte vitskapsmenn. Han gjorde seg sjølv først til ekspert på virvellause dyr, sidan på virveldyr, alt utan nokon undervisande autoritet. I tillegg lærte han seg som tenåring flytande tysk, så godt at Darwin seinare brukte han som omsetjar av vitskapleg materiale. Seinare lærte han òg latin og nok gresk til å lesa Aristoteles på originalspråket. Han var òg ein dyktig teiknar, og gjorde mange illustrasjonar for publikasjonar om marine evertebratar.

I ungdomsåra vart han teken som lærling hjå fleire ulike praktikantar av ålmennmedisin. Som 17-åring fekk han sølv i ei årleg tevling arrangert av apotekarforbundet, og fekk eit lite stipend til å studera ved Charing Cross Hospital. Her vart han undervist av den skotske fysiologen Thomas Warton Jones, som hadde forlete Skottland på grunn av nokre etisk tvilsame forsøk han hadde assistert ved som ung. Det var Jones som rettleia Huxley då han i 1845 publiserte sin første vitskaplege artikkel, som dreide seg om det såkalla Huxley-laget Huxley hadde oppdaga i cellestrukturen til hår.

Thomas Huxley, sannsynlegvis rundt 1860

Som 20-åring bestod han sin første MB-eksamen, med særs gode karakterar i fysiologi og anatomi. Då han ikkje møtte opp på den andre og siste MB-eksamenen mista han likevel sjansen til å studera ved eit universitet. Han fekk likevel gode nok resultat til søknaden han sendte til den kongelege marinen.

Reisa med The Rattlesnake[endre | endre wikiteksten]

Sidan Thomas Huxley berre var 20 år, fekk han ikkje lov til å søka om rett til å praktisera som kirurg. Då han likevel hadde han ei tyngande gjeld å nedbetala, såg han seg nøydd til å søka seg til ei stilling i marinen. Der vart evnene hans som kirurg testa, og i 1846 var han vorten utnemnd til assisterande kirurg på skipet HMS «Rattlesnake», som skulle på ein ekspedisjon til Ny-Guinea og Australia.

På den sørlege halvkula vigde Huxley mykje av tida si til å studera marine evertebratar, særleg manetar. Han påviste at både hydroidar og maneter bestod av to cellelag, og grupperte dei saman som Hydrozoa. Resultata sendte han heim att, der han fekk hjelp av Edward Forbes til å publisera dei. I 1849 kom den viktige On the anatomy and the affinities of the family of Medusae ut i Royal Societys Philosophical Transactions. I dag vert framleis manetar og hydroidar gruppert i lag, men i rekka Cnidaria eller nesledyr.

Arbeidet hans vart verdsett og respektert heime i gamlelandet, og då Huxley kom attende i 1850 vart han oppteken som fellow i det kongelege selskapet. Allereie året etter vart han vald inn i styret. Marinen lempa samstundes på stillinga hans, så han skulle få tid til å organisera dei vitskaplege funna sine betre. Mellom dei viktigaste oppdagingane hans på denne tida kan me nemna at han fann ut av slektskapet mellom sjøpungane og salpane: Begge var kappedyr, den mest primitive greina av ryggstrengdyra. Han gjorde òg ein del gode oppdagingar om mellom anna blautdyr (Mollusca), hjuldyr (Rotifera) og brachiopodar.

I 1854, som 29-åring, vart Huxley professor i naturhistorie ved The Royal School of Mines. Han fekk òg ei rekkje andre professorat og gjeve titlar.

Fag[endre | endre wikiteksten]

Huxley var oppteken av mennesket sin plass i naturen og slektskapet vårt med andre dyr. Han vigde nesten eit heilt tiår på å forska og forelesa om dette emnet, noko som førte til ein lang konflikt med den meir konservative Richard Owen. Denne starta med ei Huxley-førelesing i 1858, kor han samanlikna hovudskallar hjå ulike virveldyr. Dropa som fekk begeret til å flyta over var påstandar om at gorillaen var om lag like nærskyld mennesket som han var til bavianen.

Frå 1860 til 1863 arbeidde Huxley vidare med dette arbeidet. I 1862 undersøkte han neandertalarskalla som vart funnen i Tyskland i 1857 som første funn av tidlegare menneske enn Homo sapiens. Han meinte hjernestorleiken var særleg imponerande. Funna vart systematiserte i boka Evidence as to Man's Place in Nature (1863), åtte år før Darwin sjølv omtalte spørsmålet offentleg.

Opningsteikninga i Evidence as to Man's Place in Nature er teikna av Huxley sjølv, og samanliknar ulike primatskjelett.

Der før-darwinistiske paleontologar hadde fokusert på å samla inn og klassifisera var Huxley, som ein av dei første, mest oppteken av å avdekkja evolusjonære slektskapstilhøve. Han interesserte seg sterkt for kvastfinnefisk og lungefisk, som i motsetnad til andre beinfisk har muskulatur i finnene sine. Han meinte desse var sannsynlege stamfedrar for tetrapodane og med dei alle landlevande virveldyr.

Han var òg den første til å lansera teorien om at fuglar stammar frå dinosaurar, med Further evidence on the affinity between the dinosaurian reptiles and the birds (1870). Denne teorien heldt vatn den dag i dag.

Darwins bulldog[endre | endre wikiteksten]

Før Huxley kom i kontakt med Charles Darwin var han skeptisk til ideen om at artane hadde utvikla seg frå eit felles opphav. Han slakta Robert Chambers' Vestiges of the Natural History of Creation, ein tidleg evolusjonistisk tekst, då den kom, og meinte Jean-Baptiste Lamarck sin teori mangla tilstrekkeleg prov for å kunne bli teken seriøst.

Darwin visste om denne skepsisen til transmutasjon som det vart kalla på den tida, men gjorde ein innsats for å få unge Huxley til å skifta meining. Dette kan ein i ettertid sjå på som eit teikn på respekt - berre dei næraste vitskaplege venane til Darwin fekk denne handsaminga. Dette førte til at Huxley vart ein del av den indre krinsen som visste om teoriane før dei vart publiserte for første gong i 1858. Huxley skal ha reagert på teorien om evolusjon ved naturleg utval med setninga «How extremely stupid not to have thought of that!» (Så utruleg tåpeleg å ikkje ha tenkt på det før!) Han bestemte seg derimot aldri for om han trudde naturleg utval var den viktigaste drivkrafta i evolusjonen.

Det var nok hovudsakleg det grundige kjeldearbeidet til Darwin som overtydde Huxley om at teorien heldt vatn. Overtydd vart han uansett; i debattane som følgde publikasjonen av The Origin of Species markerte han seg som ein av dei hissigaste forkjemparane for teorien. Dette starta med bokmeldinga hans av Origin of Species i The Times og ein med tida legendarisk debatt med m.a. biskop Samuel Wilberforce, før det heldt fram i ymse debattar i nesten tretti år.

«Eg er Darwins bulldog» er eit direkte sitat frå Huxley sjølv.

Huxley og undervisningssystemet[endre | endre wikiteksten]

I 1870 vart Huxley vald inn i The London School Board. Her stod han for eit syn som ikkje er ulikt det som vert praktisert i dag; grunnskulen skulle bestå av grunnleggjande fag som rekning, lesing, skriving, naturfag, musikk, kunst osb., og vidaregåande opplæring skulle ta til med to år grunnfag og slutta med to års spesialisering.

Trass i dei evolusjonsteoriane og den uttalte agnostisismen, eit ord Huxley fann opp sjølv, støtta han bibelsoge som eige fag i skulen. Han meinte den moralske lærdommen og den gode språkføringa gjorde boka særs relevante for engelsk liv. Derimot meinte han skulebiblane burde skrivast om for at ikkje lærarane skulle måtte undervisa born i lærdom dei ikkje trudde på sjølve - eit forslag som vart nedstemt.

Etter at Huxley døydde i 1895 hadde undervisningssystemet i Storbritannia endra seg stort. I tillegg til kva han gjorde for folkeskulen var banda mellom kyrkja og undervisningssystemet svekka, og det var oppretta eigne studielinjer for biologi ved universiteta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thomas Huxley
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Thomas Huxley


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!