Bryne Mølle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bryne Mølle

Bryne Mølle er eit minnesmerke og ein kulturinstitusjon i sentrum av Bryne i Time kommune. Maling av korn til matmjøl er ei verksemd som har eksistert ved Bryneåna gjennom fleire hundreår. Det låg her to små kvernhus med tilhøyrande tørkeri. Datering på desse er vanskeleg, men dei har lege her lenge.

I det tradisjonelle jordbruket på Jæren stod kvernhusa og seinare møllene sentralt. Korndyrking var ein viktig del av det tradisjonelle jordbruket i hundreår før dyrking av poteter tok til.

Tidleg på 1870-talet vart kanalen graven ut og to nye, større kvernhus med to kvernar i kvar av dei vart bygd. I 1881 vart vassretten leigd ut til ein engelskmann i Stavanger som forlenga Mølledammen og bygde den fyrste Bryne Mølle. Mølla skifta eigarar fleire gonger fram til ho i 1917 vart teken over av L. Bellesen. Han bygde den noverande Mølledammen som er ein viktig del av den i dag eksisterande parken i Bryne sentrum. L. Bellesen sette også inn eit eige kraftverk i mølla.

I 1922 kjøpte Felleskjøpet Rogaland heile anlegget. Bygningen brann ned i 1928 og dagens møllebygning vart bygd i 1929. Bryne Mølle blir i dag brukt som ein kulturbygning til aktivitetar som konserter og utstillingar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]