Time kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Time kommune
kommune
Time kyrkjestad.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Bryne
Areal 183 km²
 - land 171 km²
 - vatn 12 km²
Folketal 19 353 (1. januar 2022)
Målform nynorsk
Ordførar Andreas Vollsund (H)
Kommunenr. 1121

Time
58°43′22″ N 5°45′55″ E
NO 1121 Time.svg
Wikimedia Commons: Time, Norway
Nettstad: www.time.kommune.no

Time kommune ligg på Midt-Jæren i Rogaland fylke og grensar i nord til Sandnes i nord, i aust til Gjesdal og Bjerkreim, i vest til Klepp og i sør til . Kommunen har stort sett hatt dei same grensene sidan 1838. I 1970 og 1989 vart to mindre område overførte til Gjesdal.

Administrasjonssenter i Time er Bryne. Lokalavisa er Jærbladet som òg dekkjer kommunane Hå og Klepp.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Time stammar frå norrønt Þímin.[1] Fyrstedelen av namnet kan ha tilknyting til angelsaksisk Þínan, 'bli våt', eller norrønt þiðr, 'isfri', og siktar til myrlendt terreng.[1] Sisteleddet er avleidd frå vin, norrønt for 'eng'.[2] Ein person frå Time blir kalla timebu.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Frøylandsvatnet

Time har i aust og vest to ulike landskapsformer. Jærsk, flatt landskap pregar dei vestlege områda med store jordbruksareal. I aust hevar landskapet seg og går over til meir kupert heilandskap. Det høgste punktet i Time er Bruskanuten på 430 moh.

Busetnaden i Time er konsentrert kring tettstadene. Kommunesenteret Bryne hadde 11 961 innbyggjarar per 1. januar 2017. Av andre tettstader kan nemnast Lyefjell med 2 285 innbyggjarar per 1. januar 2017, Undheim med 521 innbyggjarar per 1. januar 2017 og Kvernaland med 7 269 innbyggjarar per 1. januar 2017 der over halvparten av innbyggjarane budde i nabokommunen Klepp.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Av kommunearealet på 182 km² er 13 km² ferskvatn og 68 km² jordbruksareal. Landbruket og husdyrhaldet er viktig i Time, med mellom anna hønse-, saue-, storfe- og svinehald. Industrien sysselset trass dette kring dobbelt så mange.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Sørlandsbanen går gjennom Time og det er eit fabrikksidespor til Kvernaland. Rv44 går vest for Frøylandsvatnet til Sandnes og Stavanger. Aust for Frøylandsvatnet går Fv505 Mellemstrand-Undheim–Kvernaland–Ganddal. Fv506 går frå Bryne austover til Ålgård og Fv504 til Bue der han går inn i E39.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Sommarstova til forfattaren Arne Garborg
Bryne Mølle er tusenårsstaden til kommunen

Kommunen og soknet er kalla opp etter garden Time, der Time kyrkje ligg. Kommunen kom til i samband med formannskapslovene i 1837. På Undheim ligg Time bygdemuseum, med mellom anna Fotland kraftstasjon som no er vasskraftmuseum, og husmannsplassen Træe. I tillegg har Kverneland fabrikker bedriftsmuseum. På Lyngaland er det ein gard frå jarnalderen.

Arne Garborg (1851–1924) var fødd i Time. Både barndomsheimen hans, Garborgheimen, og diktarstova og sommarhuset Knudaheio er begge karakteristiske jærhus og er tilgjengelege for publikum som ei avdeling av Time bygdemuseum. I 2012 opna Nasjonalt Garborgsenter på Bryne, ein formidlingsarena for liva og verka til Arne og Hulda Garborg.

Tusenårsstaden til kommunen er Bryne Mølle. Mølla er saman med kulturhuset Storstova det regionale kulturhuset i Jæren. Tusenårstreet vart planta ved kyrkjegarden ved Time kyrkje.

Kommunevåpen[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1977. Motivet er på raud botn ei sølv vipe med utslådde venger. Vipa står som symbol for optimisme og førehandstru.

Kjende folk frå Time[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Thorsnæs, Geir; Lauritzen, Per Roger (22. desember 2021). «Time». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «vin» i Det Norske Akademis ordbok

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°44′10.9″N 5°39′10.6″E