Bu Tinah
Bu Tinah | |||
øygruppe | |||
Flyfoto av Bu Tinah utafor kysten av Abu Dhabi
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | |||
![]() Bu Tinah | |||
Bu Tinah (arabisk بوطينة, Būṭīnah) er ei lita øygruppe mellom store korallformasjonar og sjøgrasbotn kring 25 km sør for Zirku og 35 nord for Marawah i Dei sameinte arabiske emirata.[1] Dei ligg i farvatnet utafor Abu Dhabi og er verna som eit privat naturreservat. Bu Tinah-øya har eit rikt biologisk mangfald og ligg i Marawah marine biosfærereservat som dekkjer eit område på meir enn 4 000 km². Biosfærereservatet er det første og største som er innskrive på lista til UNESCO. Det har vore ein UNESCO-stad sidan 2001.[2] Området er stengd for folk, fiske og samling av skjelpaddeegg, og området vert overvaka av patruljar.
Bu Tinah er i røynda ei gruppe av holmar og grunner, som nesten vert ei enkel øy ved lågvatn. Hovudøya har ein grunn laguneopning i sør der ein finn noko mangroveskog. Fuglar som sokotraskarv lever her. Det finst òg friske korallrev her med så mange som 16 korallartar. Revet veks i tilhøve som ville teke livet av korallartar i andre delar av verda. Farvatnet i Persiabukta er av det saltaste i verda, i tillegg til å vera blant dei varmaste. Korallane lever normalt i vatn mellom 23 °C og 28 °C, men utafor Emiratkysten er temperaturane så høge som 35 °C om sommaren.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bu Tinah» frå Wikipedia på engelsk, den 6. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ [1] UAE Interact site
- ↑ Bu Tinah Abu Dhabi: TimeOut Bahrain
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Butinah.ae - official Bu Tinah website by Environment Agency of Abu Dhabi
- Visitabudabi.ae - general info about Bu Tinah Shoals