Bogekorps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Buekorps)
Gå til: navigering, søk
Representantar for bogekorpsa i Bergen.
Brukt med løyve frå Buekorpsene.com.

Bogekorps er ein organisasjon for og av born, der eksersis, marsjering, idrett, turar og utflukter er vesentlege element og der offiserane er til støtte for dei unge soldatane.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Fellesutmarsj Markens og Mathismarkens Bataljonar

Bogekorps blei skipa på midten av 1800-talet i mange byar, men i dag finst dei berre i Bergen. Alle andre stader har dei forsvunne.

Bogekorps blir styrte av borna sjølve, gjennom rådet, som består av sjefen og offiserane. Rådet blir valt av alle medlemmene på demokratisk vis i nokre bogekorps, i andre er det i følgje tradisjonen det førre rådet som vel sine etterfølgjarar. Bogekorpsa er nøytrale når det gjeld politikk, religion og etnisk tilknyting, og der finn ein born med ulik hudfarge og ulik bakgrunn.

Det er vanleg å skilje mellom laurdagskorps, dei som tradisjonelt ekserserte på laurdagane, og søndagskorps som ekserserte på søndagane. Laurdagskorpsa var gutar frå betrestilte familier, desse kunne få fri på laurdagar. Søndagskorpsa bestod av gutar frå allmugen som måtte arbeide på laurdagane.

Skiljet mellom rik og fattig er borte for lenge sidan. Ein finn difor born frå alle samfunnsklasser i alle bogekorpsa. Skilje som ein gong var av samfunnsmessig art er i dag berre geografisk, men den geografiske tilknytinga er sterk og bogekorpset er nabolagets stoltheit.

Borgervæpninga slik den såg ut i 1814

Bogekorps er eit kulturminne, ein kulturtradisjon med rot i Borgervæpninga, som har overlevd i Bergen. Bogekorpsa har halde på Borgervæpninga sine soldatar, offiserar og trommeslagararar men no er det berre ein imitasjonsleik.

Borgervæpninga har røter tilbake til 1400–150talet. I 1599 var ho gjeven Engen til mønstringsplass for eksersisen sin av Christian IV.

Borgervæpninga hadde ei dobbel oppgåve: i fredstid skulle den vere politi, og i krigstid forsvare byen.

Borgervæpninga har eksersis på Engen

I 1646 var borgervæpninga inndelt i åtte kompanier og kvart kompani hadde tre såkalla korporalskapar. Denne inndelinga svarte til Bergens 24 roder, ei oppdeling byen fekk allereie i 1596. Tilhaldsstaden var Corps de Garde, der hadde dei utsikt over byen.

Borgervæpninga var aldri nokon elitestyrke med stor militære oppgåver og kjennskap. Dei ikkje-militære oppgåvene, som å halde Vågen isfri om vinteren og å vere brannvakt i ein by fylt av trehus, var like viktige. På desse rundane var ei av oppgåvene å passe på at byens vektarar var på plassane sine, ta hand om fulle personar og å hjelpe til med ro og orden.

Borgervæpninga vart samla kvar sommar til eksersis. Denne skal ha blitt halden på Engen, på Aarstadsletten og på Sydneshaugen om lag der Johanneskirken ligg i dag.

Fellesaksjon til inntekt for flaumoffer

Gutar, som hadde fedre i borgervæpningen, begynte å etterlikne eksersisen i leiken sin. I dag har Gamlekarane ei liknande oppgåve; overvake at tradisjonen ikkje blir broten og å hjelpe til med det gutane måtte trenge hjelp til.

Kva bogekorps som er eldst, er eit heitt diskusjonstema. Skutevikens Buekorps fann for nokre år sidan ei gammal fane med påskrifta 1853 og dei hevdar difor at dei er eldst. Dræggens Buekorps har skrivne kjelder som daterer bogekorpset til 1856. Stiftinga av Dræggens gjorde at fleire ønskte eit bogekorps og dei neste åra blei mange stifta. Kvar guteflokk hadde esine gater og allmenningr, og i kvart av dsse strøka blei korps stifta. Det blir hevda at terrengforholda i Bergen var ein av grunnaene til at skiljet mellom dei forskjellige strøka var så sterkt.

Bogekorps har tradisjonelt vore berre for gutar. I 1991 blei det første jentekorpset danna. I 2005 finst det tolv gutekorps, to jentekorps og eitt blandingskorps med både gutar og jenter.

Bogekorpsa[endre | endre wikiteksten]

Utdeling av heidersteikn

Sesongen[endre | endre wikiteksten]

Dræggens Buekorps og kommandanten på Bergenhus festning

Bogekorpsa er mest aktive om våren, og dei er eit vårteikn for bergensarane. Hausten blir bruka til å førebu neste sesong, og til val, rekruttering og verving. Kvart korps prøver å få gutar og jenter til å begynne, og det er konkurranse om flest nybegynnarar.

Tradisjonelt er medlemmer i bogekorps blitt rekrutterte frå der dei heldt til, kvar bydel rekrutterte til «sitt» bogekorps og strøksidentiteten var sterk. Men då folk begynte å flytte til nye bydelar, slik som Fyllingsdalen forsvann noko av rekrutteringsgrunnlaget og talet på medlemmer i bogekorpsa sokk drastisk. No blir barna verva på skolar, kjøpesenter og i kameratgjengen.

Slagarkonkurranse

Den første dagen i uniform om våren er spesiell, spørsmålet er, kven er byens største bogekorps. I nokre bydelar er dette populært mens andre nok synest det blir mykje bråk og tromming. Eit problem er at nokre bogekorps har tilhaldstad like ved Universitetet i Bergen og tromminga kan forstyrre ein del studentar i lesinga.

Kameratskap og felleskap er viktigast, og nokre korps har eigne hytter der medlemmene overnattar med offiserar som ansvarlege.

Idrett har en stor plass og bogekorps har idrettsdagar der barna konkurrerer i friidrett og bogeskyting. Det blir berre kåra vinnar, andre- og tredjeplass, for i bogekorpsa er det viktigaste å vere med.

Dei held også eigne fotballturneringar. Korpsa er inndelte i pelotongar og turneringane er mellom dei. Det hender også at offiserar speler mot gamlekarane.

Dei fleste bogekorpsa samarbeider også med eit par andre korps, så det blir danna alliansar. Det er vanlag å ha ein idrettsdag saman med samarbeidspartane i alliansen der ein konkurrerer om å bli beste bogekorps. i Nokre gonger blir det arrangert turneringar for alle bogekorpsa. Ett bogekorps disponerer eit større område utanfor Bergen sentrum med fleire hytter og fotballbane, der er det mogleg å halde slike turneringar. Dette er med på å styrkje samhaldet mellom barn frå ulike delar av byen.

Frå Nordnæsdalen

Den største dagen i sesongen er stiftingsdagen. I nokre bydelar er det nesten som bydelens nasjonaldag og det blir flagga frå alle hus.

Alle bogekorpsa har sine tradisjonar når dei skal feire stiftingssdagen. Det er vanleg å heidre stiftarane av korpset med blomstrar, kransar og/eller talar. Nokrekorps har faste plassar i bydelen der stiftarane budde og dei stoppr ved huset og held talar. Dette skjer også 17. mai. På ettermiddagen stiller korpset i galla og blir møtt av gamlekarane. Nokre bogekorps har eigne musikkkorps med gamlekarar og eigne marsjar.

17.mai stiller alle bogekorpsa i Barnetoget som er ein av to prosesjonar som går parallelt.

Sesongen blir avslutta med ein langturdag, og med utdeling av pokalar til dei som er best i idrett og bogekorpsaktivitetar. Denne dagen blir det også delt ut heidersteikn, medaljer og ordenar. Bogekorpsordenar heng høgt og det er rekna for ei stor ære å motta ein orden.

Ein del bogekorps har lengre turar etter at sesongen er over. Turane går til andre norske byar og til andre land. Ein av dei lengste turene har vore til Seattle der Nordnæs Bataillon deltok i ein parade for nokre år sidan.

Buekorpsenes Dag[endre | endre wikiteksten]

Buekorpsenes Dag er ei feiring av bogekorpsrørsla. Dagen blir feira kvart fjerde år og kan kallast eit slags Bogekorps OL. Her blir beste faneberar og trommeslagar kåra. Det er også ein dag då alle bogekorpsa marsjerer saman gjennom Bergen sentrum saman med gamlekarar som ber dei gamle korpsfanene.

Eit forsøk på å lage ein slik dag blei gjort i 1946 men var då ikkje vellykka, men til Bergens 900-årsjubileum i 1970 blei tanken igjen lansert og sidan har dagen vore feira kvart fjerde år. Dagen blir administrert av sjefsrådet som er sett saman av sjefane i byens bogekorps. Dei bruker å oppnemne ein hovudkomite som består av nokre aktive og nokre eldre bogekorpsgutar for å få hjelp til å gjennomføre dagen.

Bogekorps under marsj[endre | endre wikiteksten]

Godt å få hjelp på ein lang marsjdag

Eit bogekorps er vanlegvis inndelt slik under marsj:

Marsjering og eksersis blir oppfatta som to forskjellige ting i bogekorps.

Fremst kjem sjefen med ein adjutant attmed seg. Val av sjef varierer litt fra korps til korps. Mest demokratisk er Dræggens, der gutane vel sjef på landturdagen, hos andre blir sjefen vald av rådet som består av offiserene.

Bak sjefen finn vi faneberaren med fana. Han er assistert av fanegarden under marsj. I laurdagskorpsa er det fire eller fem i fanegarden, i andre korps kan talet variere.

Så kjem dei to første pelotongane. som utgjer første kompani, slagarane og dei to siste pelotongane som er andre kompani.

Pelotongane blir leidde av ein offiser, i laurdagskorpsa blir dei kalla løytnant, i andre korps sideoffisar. Leiaren for den fremste pelotongen i kvart kompani blir kalla 1. og 2. kompanisjef. Desse går vanlegvis på bogekorpsets venstre side utanfor sin pelotong. Slagargjengen blir leidd av tamburmajoren.

Offiserene har hjelp av troppssjefen, som som går framfor kvar pelotong, og halvtroppen, som går midt inne i pelotongen. Kvart kompani har to sistesoldatar. Slagarane har ein oppslagar. Alle desse blir rekna som underoffiserar og blir valde av rådet.

Dei meinige og underoffiserane ber boger (armbrøstar) eller rifler, og offiserane har sablar. Nokre korps har også hellebard- eller økseberar og hornblåsarar. Slagarane, tambur og oppslagar har trommer. Nokre korps har ein stokkeberar som går framfor slagarane.

Framtida[endre | endre wikiteksten]

Ein «rævadilter» (ein som er for ung til å gå i bogekorpset).
Brukt med løyve frå Buekorpsene.com.

Buekorps har hatt varierande oppslutning sidan dei første blei etablerte for rundt 150 år sidan. Dei fleste korpsa var store i 1930- og 1940-åra, då kunne dei ha rundt 200 soldatar. Under andre verdskrigen var det nesten ingen bogekorpsaktivitetar. Dei blei sedde på som norske og nasjonalistiske av tyskarane. Mange bogekorpsgutar deltok i motstandskamp og fleire korps har minnesmerke over falne medlemmer.

Etter krigen var bogekorpsa tilbake og dei var på sitt største. Problemet blei no å få tak i effektar og uniformer til det store talet soldatar.

Seineae opplevde bogekorpsa ei nedgangstid på 1960- og 1970-talet då byen voks ut i drabantbyane og dei nye bydelane. Dette gjorde at ein del korps blei nedlagde.

I 1980- og 1990-åra har bogekorpsa hatt litt oppsving, mens ein dei siste åra igjen har slite med verving og rekruttering.

I 2005 var det ca. 600 gutar og jenter i bogekorpsa. Det største korpset var Nordnæs med ca. 120 innmelde.

I 2003 kunne Skutevikens Buekorps feire sitt 150 års jubileum. Dei neste åra vil fleire bogekorps kunne feire 150 års jubileum, først Dræggens i 2006, følgt av Fjeldets, Nygards og Sandvikens i 2007 og Nordnæs i 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Om dei enkelte korpsa

  • Bing, Kristian mfl. Nordnæsboken, Nordnæs Buecorps og Bataillon 1858–1983, Bergen 1983, ISBN 82-991007-0-4
  • Knutsen, Sverre Tandstad; Når i den lyse vår, Dræggens buekorps 1981–2006 Bergen 2006 ISBN 82-7128-400-2
  • Dei aller fleste av korpsa har utgitt beretningar om historia si, om enn ikkje like omfattande som Nordnæsboken på 450 sider. Sjå søket i bibliotekkatalogen