Buholm-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ålesund i 1885. Same året som Buholm-ulukka råka byen.

Buholm-ulukka var ei sjøulukke som fann stad 13. august 1885, der 33 fiskarar frå Buholmen i Ålesund omkom på fiskebankane utanfor byen. Vêrvarselet for dagen var dårleg, og fleirtalet av båtane snudde då dei såg at uvêret tok til. Sju båtar som hadde sett ut line heldt likevel fram, før stormen slo inn i løpet av ettermiddagen.

Til saman 33 fiskarar omkom i stormen, og berre to av dei skipbrotne kom levande frå ulukka. Ulukka samanfall med ein ekspansiv byvokster i Ålesund, som i 1885 talde 7500 innbyggjarar, meir enn ei fordobling i løpet av tjue år. Som ein følgje av dette var mest alle av dei omkomne innflyttarar frå øyane og fjordbygdene på Sunnmøre, som hadde busett seg på sørsida av byen. Dei fleste av desse var arbeidsføre menn i 30- og 40-årsalderen. Attende sat 29 enkjer og 90 farlause barn.

Den store ulukka skapte stor mediemerksemd både i Noreg og utanlands, og sette i gang ein innsamlingsaksjon for dei pårørande. Fleire aviser oppmoda folk om å gje, og meir enn 57000 kroner blei samla inn til føremålet. Bidrag kom mellom anna frå nordmenn i Amerika og frå den verdskjende operasongarinna Christina Nilsson, som på den tida vitja Bergen. Den britiske statsministeren William Gladstone gav eitt pund, og frå Jordan kom ei brødkiste som blei taksert til ei heil krone.

Monumentet «Mot havet» på Kiperviktorget i Ålesund er reist til minne om dei omkomne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bruaset, O. (2008). Arven: ei vandring i sunnmørsk kulturhistorie del II (s. 192-194). Oslo: Skyline. ISBN 978-82-91385-48-8.
  • Olsen, B. (1979). «Buholmforliset». Den store ulykka på havet i 1885. I: Grytten, F. (Red.) Om byfolk på landet og landsfolk i byen - og andre artikler (s. 29-41). Ålesund: Ålesunds Museum.