Bujumbura
Bujumbura | |
---|---|
Styresmakter | |
Burundi | |
Geografi | |
Flatevidd - By |
650 km² |
Innbyggjarar - By (1996) - folketettleik |
Om lag 300 000 456/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 794 m |
Plassering | |
Bujumbura er den største byen og den økonomiske hovudstaden i Burundi. Bujumbura var hovudstad i landet fram til 2019, då stausen blei ført tilbake til Gitega. Byen ligg ved det nordaustlege hjørnet av Tanganyikasjøen og er ein viktig hamneby. I 1994 hadde han eit estimert folketal på 300 000.
I Bujumbura vert det mellom anna produsert tekstilar og såpe. Dei viktigaste eksportvarene i landet vert eksporterte herfrå, som kaffi, bomull, skinn og tinnmalm.
Vekst[endre | endre wikiteksten]
Bujumbura voks frå ein liten landsby etter han vart ein militærleir i Tysk Austafrika i 1889. Etter den første verdskrigen vart han det administrativet senteret i det belgiske folkeforbundmandatet Ruanda-Urundi. Namnet på byen vart endra frå Usumbura til Bujumbura då Burundi fekk sjølvstende i 1962. Sidan sjølvstendet har det ofte vore kampar i byen mellom dei to største etniske gruppene i landet, hutu-militsen mot den tutsi-dominerte hæren til Burundi.
Sentrumet av byen er ein koloniby med ein stor marknad, ein nasjonalstadion, ein stor moske, og ein katedral. Av museum i byen finn ein Burundi Livsmuseum og Burundi geologisk museum. Andre attraksjonar i nærleiken er Rusizi nasjonalpark, ein stein ved Mugere som visstnok er staden der David Livingstone og Henry Morton Stanley møttest (sjølv om ein meiner at møte deira fann stad i Ujiji i Tanzania), og kjelda til den sørlegaste sideelva til Nilen, lokalt kalla kjelda til Nilen.
Det går ferjer frå Bujumbura til Kigoma i Tanzania. I tillegg ligg Bujumbura internasjonale flyplass og Bujumbura universitet i byen.
I kulturen[endre | endre wikiteksten]
Byen er òg staden der disneyfilmen George of the Jungle finn stad.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bujumbura» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2007.