Burning Daylight av Mia Nicolai og Dion Cooper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Burning Daylight»
Song av Mia Nicolai og Dion Cooper

Land Nederland
Språk Engelsk
Utgjeve 1. mars 2023
Sjanger Pop
Lengd 03:04
Selskap Yellowfield Records
Komponist Duncan Laurence, Mia Nicolai, Dion Cooper
Tekstforfattar Duncan Laurence
Låtskrivar(ar) Duncan Laurence, Jordan Garfield, Mia Nicolai, Dion Cooper, Loek van der Grinten

«Burning Daylight» (norsk omsetjing 'brennande dagsljos') er ein popballade frå 2023 med den nederlandske duoen Mia Nicolai og Dion Cooper. Songen blei gjeven ut 1. mars 2023 og var det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Burning Daylight» er komponert av duoen sjølv, saman med Loek van der Grinten, Duncan Laurence, som vann Eurovision Song Contest 2019 med «Arcade», og hans trulova Jordan Garfield. Songen handlar om å falle, for deretter å reise seg igjen. Leggje bak seg det vonde, og i staden byrja på ny.[1][2]

Songen blei send inn til kringkastaren AVROTROS si tevling for å finne det nederlandske bidraget til Eurovision Song Contest 2023. Gjennom ei intern utveljing vedtok kringkastaren at Mia Nicolai og Dion Cooper skulle representere landet. Avgjerda blei kunngjord 1. november 2022, og tittelen på songen blei kunngjord seks dagar seinare.[3][4]

Den 1. mars 2023 blei «Burning Daylight» offentleggjord og sluppen for strøyming og nedlasting.[2]

«Burning Daylight» var det nederlandske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Songen deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023.[2] Der blei han nummer 13 av 15 med berre 7 poeng.[5] Songen kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 13. mai 2023. Dette var fyrste gongen på åtte år at Nederland ikkje gjekk vidare frå semifinalen.[6]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
 Nederland (NederlandseTop 40)[7] 21
 Nederland (Single Top 100)[8] 58

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Veen, Renske ten (1. mars 2023). «TheNetherlands' Mia Nicolai and Dion Cooper release their Eurovision 2023 song "Burning Daylight"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 3. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Netherlands: Mia Nicolai & Dion Cooper release 'Burning Daylight'». eurovision.tv (på engelsk). 1. mars 2023. Henta 3. mars 2023. 
  3. «Eerstebeelden songfestivalnummer ‘Burning Daylight’ van Mia Nicolai en Dion Cooper - Eurovisie Songfestival». AVROTROS.nl (på nederlandsk). 28. februar 2023. Henta 3. mars 2023. 
  4. Veen, Renske ten (22. februar 2023). «TheNetherlands: Mia Nicolai and Dion Cooper will reveal their Eurovision 2023 song on 1 March». wiwibloggs (på engelsk). Henta 3. mars 2023. 
  5. «FirstSemi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  6. «Netherlands». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  7. Top 40, Stichting Nederlandse. «MiaNicolai & Dion Cooper - Burning Daylight | Top 40». Top40.nl (på nederlandsk). Henta 18. mai 2023. 
  8. «Mia Nicolai & Dion Cooper – Burning Daylight». dutchcharts.nl. Dutch Charts –dutchcharts.nl. 22. april 2023. Henta 7. mai 2023.