Arcade av Duncan Laurence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Arcade»
Song av Duncan Laurence
Land Nederland
Språk Engelsk
Utgjeve 7. mars 2019
Sjanger Pop
Lengd 03:03
Selskap Spark Records, Universal
Låtskrivar(ar) Duncan de Moor, Joel Sjöö, Wouter Hardy

«Arcade» (norsk 'arkade', viser til arkadespel[1]) er ein nederlandsk, engelskspråkleg popballade frå 2019 som vann Eurovision Song Contest 2019. Songen vert framført av songaren Duncan Laurence, som skreiv han saman med Joel Sjöö og Wouter Hardy. Songen kom ut den 7. mars 2019 etter å ha vorte vald ut av det nederlandske kringkastingsselskapet AVROTROS som det nederlandske bidraget til Eurovision Song Contest i Tel Aviv. «Arcade» vann tevlinga med 498 poeng, og dette var den fyrste sigeren til Nederland på 44 år.[2][3][4]

Hausten 2020 og vinteren 2021 fekk «Arcade» ny popularitet då han gjekk viralt på det sosiale mediet TikTok. Suksessen førte til nye sal- og listesuksessar.[5][6][7]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Arcade» er skriven av den nederlandske songaren Duncan Laurence saman med Wouter Hardy og den svenske låtskrivaren Joel Sjöö.[8] Laurence henta inspirasjon til songen ved å bruka hendingar frå sitt eige liv, blant anna ved å bruka historia til ein nær person som døydde i ung alder.[9] «Eg valde å kalla songen "Arcade" – orda og akkordane kom av seg sjølv, som gjer at den høyrast så organisk ut, trass skifta i songen», fortalde Laurence då songen vart lansert.[9]

I samarbeid med dei to andre låtskrivarane utvikla songen seg til å bli ein «delt, felles historie, og ikkje berre min eigen.» Duncan fortalde vidare at «Arcade» er ei historie om jakta på eins livs kjærleik, og at songen skildrar vona om det nokon gongar uoppnåelege.[9][10] Ordet «arcade» vert berre nemnt éin gong i teksta, og tittelen referer til eit arkadespel, jamfør tekstlinja: «Small town boy in a big arcade, I got addicted to a losing game» (norsk omsetjing 'småbygut i eit stort arkadespel, eg vart avhengig av eit spel eg er dømd til å tape').[11]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

«Arcade» er ein popballade med engelsk tekst og vart offentleggjort 7. mars 2019 som det nederlandske bidraget til Eurovision Song Contest. Etter lanseringa vart songen favoritt til å vinne tevlinga, og i tida før Eurovision Song Contst toppa han veddemålslister og oddslister.[12][13][14] Favorittstempelet førte til at den nederlandske kringskastaren NPO allereie før tevlinga byrja å førebu seg på å arrangere Eurovision Song Contest 2020 om «Arcade» skulle vinne.[15][16][17]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Duncan Laurence framfører «Arcade» under ei av prøvene i Tel Aviv.

«Arcade» vart vald internt av kringkastaren AVROTROS til å representere Nederland i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv. I januar 2019 vart Nederland trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Nederland hadde startnummer 14.[18] I avrøystinga vart «Arcade» blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[19] I finalen hadde songen startnummer 12.[20]

«Arcade» enda på tredjeplass i juryavrøystinga og kom på andreplass i telefonavrøystinga, men vann Eurovision Song Contest samanlagt med 498 poeng. Dett var den femte sigeren til Nederland i tevlinga, og den fyrste på 44 år etter at gruppa Teach-In og «Ding-a-dong» vann i 1975.

Suksess på TikTok[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2020 og vinteren 2021 fekk songen ny popularitet då han gjekk viralt på det sosiale mediet TikTok. Suksessen gav nye sal- og listesuksessar.[5][6][7] I januar 2021 vart «Arcade» den mest strøymde Eurovision-låten nokon gong på Spotify, og passerte «Soldi» med Mahmood, som vart nummer to i Eurovision Song Contest 2019.[21]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019–2021) Høgaste

plassering

Flag of Austria.svg Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[22] 22
Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Flandern (Ultratop)[23] 2
Flag of Belgium (civil).svg Belgia, Vallonia (Ultratop)[24] 31
Flag of Denmark.svg Danmark (Hitlisten)[25] 23
Flag of Estonia.svg Estland (Eesti Tipp-40)[26] 1
Flag of Europe.svg Europa Euro Digital Songs (Billboard) 2
Flag of France.svg Frankrike (SNEP)[27] 42
Flag of France.svg Frankrike (SNEP – Nedlasting)[28] 8
Flag of Greece.svg Hellas (IFPI Digital Singles)[29] 2
Flag of Ireland.svg Irland (Irish Singles Chart)[30] 23
Flag of Iceland.svg Island (Tónlistinn)[31] 2
Flag of Israel.svg Israel (Media Forest)[32] 3
Flag of Croatia.svg Kroatia (HR Top 40)[33] 32
Flag of Luxembourg.svg Luxembourg (Billboard Digital Sales)[34] 1
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Nederlandse Top 40)[35] 1
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Single Top 100)[36] 1
Flag of the Netherlands.svg Nederland (Mega Top 50)[37] 1
Flag of Norway.svg Noreg (VG-lista)[38] 10
Flag of Portugal.svg Portugal (AFP)[39] 18
Flag of Scotland.svg Skottland (Official Charts Company)[40] 24
Flag of Slovenia.svg Slovenia (SloTop50)[41] 40
Flag of Spain.svg Spania (PROMUSICAE)[42] 38
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (UK Singles Chart)[43] 29
Flag of Switzerland.svg Sveits (Schweizer Hitparade)[44] 6
Flag of Sweden.svg Sverige (Sverigetopplistan)[45] 6
Flag of Germany.svg Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[46] 26
Flag of Hungary.svg Ungarn (Stream Top 40)[47] 35
Flag of the United States.svg USA (Bubbling Under Hot 100)[48] 1
Flag of the United States.svg USA (Adult Contemporary)[49] 13
Flag of the United States.svg USA (Adult Top 40 Airplay)[50] 24
Flag of the United States.svg USA (Mainstream Top 40)[51] 39

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arcade lyrics — Duncan Laurence (The Netherlands Eurovision 2019)» (på engelsk). 18. mars 2019. Henta 20. mai 2019. 
  2. «Netherlands: Duncan Laurence's Eurovision Entry is Revealed» (på engelsk). 7. mars 2019. Henta 12. mars 2019. 
  3. «Arcade! Duncan Laurence's Eurovision 2019 song for the Netherlands is visceral and profound» (på engelsk). 7. mars 2019. Henta 12. mars 2019. 
  4. «Duncan Laurence takes 'Arcade' to Eurovision for The Netherlands». Henta 12. mars 2019. 
  5. 5,0 5,1 «Duncan Laurence joins in, as "Arcade" goes viral in Harry Potter-themed TikTok videos». 12. oktober 2020. Henta 11. februar 2021. 
  6. 6,0 6,1 «More success for Duncan Laurence as "Arcade" re-enters UK singles chart and becomes most streamed Eurovision winner». 13. januar 2021. Henta 11. februar 2021. 
  7. 7,0 7,1 «Two years on, more success for Duncan Laurence as "Arcade" enters UK Trending Chart». 11. februar 2021. Henta 11. februar 2021. 
  8. «Joel Sjöö – Songwriter» (på engelsk). Joelsjoo.se. Henta 23. mars 2019. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «Duncan Laurence takes 'Arcade' to Eurovision for The Netherlands». EBU. 7. mars 2019. Henta 23. mars 2019. 
  10. «Who is The Netherlands’ Eurovision 2019 entry Duncan Laurence?» (på engelsk). 22. mars 2019. Henta 23. mars 2019. 
  11. «Lyrics: Duncan Laurence – Arcade». Genius.com (engelsk). 2019. Henta 23. mars 2019. 
  12. «Duncan Laurence fra Nederland er favoritt til å vinne Eurovision Song Contest» (på norsk). 12. mars 2019. Henta 23. mars 2019. 
  13. «Odds Eurovision Song Contest 2019». Henta 23. mars 2019. 
  14. «Big Poll: Netherlands is your current favourite in Eurovision 2019! – escYOUnited» (på engelsk). Henta 23. mars 2019. 
  15. Jiandani, Sanjay (19. mars 2019). «Eurovision The Netherlands: Hosting plan for 2020 in place if Duncan Laurence wins in Tel Aviv - ESCToday.com» (på engelsk). Henta 23. mars 2019. 
  16. «Eurovision 2020: The Netherlands has hosting plan ready for Duncan Laurence win» (på engelsk). 19. mars 2019. Henta 23. mars 2019. 
  17. «Songfestivaldraaiboek ligt al jaren klaar in de kast» (på nederlandsk). 19. mars 2019. Henta 23. mars 2019. 
  18. «Second Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 5. mai 2019. 
  19. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  20. «Eurovision 2019: This is the running order of the Grand Final!». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  21. «"Arcade" passes "Soldi" as the most-streamed Eurovision entry on Spotify». 29. januar 2021. Henta 29. januar 2021. 
  22. «Duncan Laurence – Arcade» (på tysk). Henta 31. mai 2019. 
  23. «Duncan Laurence - Arcade» (på nederlandsk). Henta 11. mai 2019. 
  24. «Duncan Laurence - Arcade». Henta 24. mai 2019. 
  25. «Duncan Laurence – Arcade» (på tysk). Henta 31. mai 2019. 
  26. «EESTI TIPP-40 MUUSIKAS: Rammstein ja Tyler lömastasid Billie Eilishi» (på estisk). 28. mai 2019. Henta 31. mai 2019. 
  27. «lescharts.com - Duncan Laurence - Arcade». Henta 23. mai 2021. 
  28. «Top Singles (téléchargement) Semaine du 24 Mai». Arkivert frå originalen 2015-09-05. Henta 27. mai 2019. 
  29. «Official IFPI Charts – Digital Singles Chart (International) – Week: 21/2019». IFPI Greece. Arkivert frå originalen 6. juni 2019. Henta 6. mai 2019. 
  30. «IRMA – Irish Recorded Music Association». Henta 24. mai 2019. 
  31. «TÓNLISTINN – LÖG | Plötutíðindi» (på engelsk). plotutidindi.is. 28. mai 2019. Arkivert frå originalen 2019-05-29. Henta 2. juni 2019. 
  32. «Media Forest – Hitliste uke 21, 2009». Arkivert frå originalen 2016-11-05. Henta 31. mai 2019. 
  33. «ARC 100 - datum: 3. lipnja 2019. :: Hrvatski radio» (på kroatisk). Henta 6. juni 2019. 
  34. «Chart Search – Luxembourg Digital Song Sales». Billboard. Arkivert frå originalen 2019-07-15. Henta 6. juni 2019. 
  35. Top 40, Stichting Nederlandse. «Duncan Laurence - Arcade» (på nederlandsk). Henta 20. mars 2019. 
  36. Hung, Steffen. «Duncan Laurence – Arcade». Dutchcharts.nl. Henta 20. mars 2019. 
  37. «Mega Top 50: de lijst van 25-05-2019» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen 2019-05-28. Henta 6. juni 2019. 
  38. «Arcade» (på norsk bokmål). Henta 24. mai 2019. 
  39. «AFP, Hitliste uke 12, 2021». Henta 4. april 2021. 
  40. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 24. mai 2019. 
  41. «SloTop50 | Tedenska lestvica največkrat zavrtenih skladb». Henta 6. juni 2019. 
  42. «Top 100 Songs Weekly – Hitliste uke 21, 2009». Henta 31. mai 2019. 
  43. «DUNCAN LAURENCE | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 24. mai 2019. 
  44. «Duncan Laurence – Arcade – hitparade.ch». Henta 26. mai 2019. 
  45. «Duncan Laurence på Sverigetopplistan» (på svensk). Henta 24. mai 2019. 
  46. «Arcade – Offizielle Deutsche Charts». GfK Entertainment. Henta 24. mai 2019. 
  47. «Stream Top 40 slágerlista - Hivatalos magyar slágerlisták». Henta 2. juni 2019. 
  48. «Duncan Laurence». Henta 4. april 2021. 
  49. «Duncan Laurence». Henta 4. april 2021. 
  50. «Duncan Laurence». Henta 4. april 2021. 
  51. «Duncan Laurence». Henta 4. april 2021.