Burning Spear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Burning Spear
Burning Spear Live.jpg
Fødd1. mars 1948
FødestadSaint Ann's Bay, Jamaica
OpphavJamaica
Aktiv1969–
Sjangerroots reggae, dub
Instrumentvokal
PlateselskapStudio One, Island Records, Burning Music
Verka somsongar, låtskrivar
PrisarGrammy Award for Best Reggae Album

Winston Rodney (fødd 1. mars 1948), også kjend som Burning Spear, er ein jamaicansk roots-reggaesongar og -musikar.

Burning Spear vart fødd i St. Anns Bay i Saint Ann ParishJamaica, i same distrikt som venen og førebildet sitt Bob Marley, og som frigjeringsleiaren Marcus Garvey. Det var Marley som introduserte Burning Spear for fleire produsentar, som Spear etterkvart fekk platekontrakt med. Burning Spear var eigentleg namnet på bandet til Winston Rodney. Namnet er inspirert av den kenyanske leiaren Jomo Kenyatta og Kenya sin frigjeringskamp mot kolonimakta Storbritannia.

Burning Spear gav ut to plater på byrjinga av 1970-talet, men det var ikkje før i 1975 at han fekk eit gjennombrot med albumet Marcus Garvey. Det var den jamaicanske produsenten Jack Ruby som hjelpte og produserte for Spear. Albumet inneheld reggaeklassikarar som «Invasion», «Days of Slavery» og ikkje minst songen «Marcus Garvey». Medan Spear spelte låtane sine hjå Jack Ruby i Kingston møtte han mange profilerte reggaemusikarar. Mange av dei blei med på albuma hans opp gjennom åra. Nokre av dei er gitaristen Earl «Chinna» Smith, trommeslagarane Sly Dunbar og Leroy «Horsemouth» Wallace og bassistane Aston «Familyman» Barrett og Robbie Shakespeare.

Burning Spear har fortsett som aktiv artist opp gjennom åra, med ei ny plateutgjeving eller ein turn nær kvart år. Musikken hans er kjend for å vera Roots Reggae med ein bodskap om fred og rettferd, prega av Rastafar-I. Han har vunne mange prisar for musikken sin.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Studio One Presents Burning Spear (1973)
  • Rocking Time (1974)
  • Marcus Garvey (1975)
  • Man in the Hills (1976)
  • Garveys Ghost (Marcus Garvey i dubverson) (1976)
  • Live (1977)
  • Dry and Heavy (1977)
  • Marcus Children aka Social Living (1978)
  • Harder than the Best (1979)
  • Hail H.I.M (1980)
  • Farover (1982)
  • The Fittest of the Fittest (1983)
  • Reggae Greats (Greatest Hits) (1984)
  • Resistance (1986)
  • The Fittest Selection (Greatest Hits) (1987)
  • Marcus Garvey 100th Anniversory (1987)
  • Mistress Music (1988)
  • Mek We Dweet (1990)
  • Jah Kingdom (1991)
  • The Original (Greatest Hits fra Jack Rubys opptak) (1992)
  • The World Should Know (1993)
  • Love and Peace: Burning Spear Live! (live i USA) (1994)
  • Rasta Business (1995)
  • Best of Burning Spear (1996)
  • Living Dub Vol 3 (Dubverson av Rasta Business) (1996)
  • Chant Down Babylon the Island anthology (1996)
  • Appointment With His Majesty (1997)
  • Live in Concert (Live i England og USA) (1998)
  • Calling Rastfari (1999)
  • Living Dub Vol 4 (Dubverson av Appointment With His Majesty) (1999)
  • Rare and Unreleast (2001)
  • Best of the Fittest (Emi greatest recordings) (2001)
  • Spear Burning (2001)
  • Ultimate Collection (2001)
  • Live at Montreaux (2001)
  • The Best of Burning Spear (2002)
  • Free Man (2003)
  • Jah No Dead (2003)
  • Living Dub Vol 2 (Dubverson av Hail H.I.M) (2003)
  • Living Dub Vol 3 (Dubverson av Social Living) (2003)
  • Living Dub Vol 6 (2004)
  • Live in South Africa 2000 (2004)
  • Sounds from the Burning Spear (Greatest Hits) (2004)
  • Creation Rebel (2004)
  • Live in Paris (2004)
  • People of the World (2004)
  • Our Music (2005)
  • Gold (Greatest Hits) (2005)
  • Living Dub Vol 5 (Dubverson av Calling Rastafari) (2006)
  • Never Club Mix (2006)
  • The Burning Spear Experience (Greatest Hits) (2007)
  • Jah is Real (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]