Burton Cummings

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Burton Cummings
Burton Cummings.jpg
Fødd31. desember 1947 (71 år)
FødestadWinnipeg i Manitoba i Canada
FødenamnBurton Lorne Cummings
OpphavCanada
Aktiv1965 til i dag
SjangerRock, softrock[1][2]
Instrumentvokal, gitar, piano, klaverinstrument, saksofon, trommer, perkusjon, harp, fløyte
Tilknytte artistarThe Guess Who, Bachman Cummings, The Deverons, Tim Thorney, Ringo Starr & His All-Starr Band
Verka somMusikar, låtskrivar
Prisaroffiser av Order av Kanada, Juno Award for Album of the Year, Canadian Music Hall of Fame, Canada’s Walk of Fame

Burton Lorne Cummings (fødd 31. desember 1947) er ein kanadisk musikar og låtskrivar.

Han var tidlegare songar og klaverspelar i det kanadiske rockebandet The Guess Who. I løpet av dei ti åra hans i bandet, frå 1965 til 1975, song han og skreiv eller var medlåtskrivar på fleire av hitsongane deira, som «American Woman,» «No Time,» «Share the Land,» «Hand Me Down World,» «Undun,» «Laughing,» «Star Baby», «New Mother Nature,» og «These Eyes». I solokarrieren sin hadde han fleire hittar i Canada, som «Stand Tall», «My Own Way to Rock» og «You Saved My Soul».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd og voks opp i Winnipeg i Manitoba, i lag med dei andre originale medlemmane i The Guess Who. Det første bandet hans var eit lokalt R&B-band, The Deverons. The Deverons gav med Cummings ut to singlar på det vesle REO Records. Den første singelen, «Blue Is The Night / She's Your Lover», vart spelt inn på ein radiostasjon i Winnipeg. Den andre singelen deira, «Lost Love / Feel Alright» vart spelt inn i Kay Bank Studios i Minneapolis, der The Guess Who ofte var i studio. Han vart med i bandet i 1966 då han erstatta klaverspelaren Bob Ashley og seinare den første songaren deira, Chad Allan.

Suksess med The Guess Who[endre | endre wikiteksten]

Mellom 1966 og 1969 var The Guess Who eit av dei mest hardtarbeidande banda i Canada. Trass i fleire sterke singlar, og eit populær delt album (A Wild Pair, med The Stacattos frå Ottawa), og ei veke som husband på CBC-TV-programmet «Let's Go!», fekk dei lite suksess.

I 1969 fekk The Guess Who ein internasjonal hit med «These Eyes», skriven av Cummings og gitaristen Randy Bachman. Han vart følgd opp av hiten «Laughing», òg skriven av Cummings og Bachman. På ein annan Guess Who-song, «Undun», spelte Cummings ein jazzaktig fløytesolo. I 1970 nådde bandet toppen av singellista i Canada med «American Woman».

Til slutt førte krangling mellom Cummings og Randy Bachman, dels på grunn av at Bachman gjekk djupare inn i mormonar-trua si, og skapte splid i bandet.[3] Bachman slutta og starta bandet Brave Belt med tidlegare Guess Who-kollega Chad Allan, og sidan Bachman–Turner Overdrive.

Cummings vart sjef i bandet og spelte inn songar som «Share the Land», «Hand Me Down World», «Albert Flasher», «Rain Dance», «Sour Suite», «Glamour Boy», «Star Baby», «Clap for the Wolfman» og «Dancin' Fool».

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I 1975 slutta Cummings i The Guess Who etter 10 år, og vart soloartist. Gruppa vart då oppløyst. Eit av dei første prosjekta hans var å synge korvokal på den andre plata til Eric Carmen, Boats Against the Current, inkludert på «She Did It».

Cummings fekk hittar som soloartist i Canada med «Stand Tall», som òg vart den største hiten hans i USA med ein 10. plass på Billboard Hot 100 og andreplass på Adult Contemporary-lista .[4] Andre hitsinglar han gav ut var «I'm Scared,» «Break it to Them Gently» og «Fine State of Affairs». Cummings fek hittar utafor Canada med «Stand Tall» og «You Saved My Soul.» Cummings gav i alt ut åtte soloalbum og samlealbum frå 1976 til 1990. I 1997 gav han ut eit samlealbum med konsertopptak kalla Up Close and Alone..

Cummings prøvde seg òg som skodespelar. Han spelte i lag med Paul Sorvino, Glynnis O'Connor og Don Johnson i den kanadiske filmen Melanie i 1982.[5] Songane hans «You Saved My Soul», «Real Good», «Something Old, Something New» var med i filmen.

The Guess Who igjen[endre | endre wikiteksten]

I 2000 turnerte Cummings, Bachman, og den originale trommeslagaren Garry Peterson som The Guess Who. Bassisten Jim Kale spelte på ein konsert og dei tidlegare Guess Who-musikarane Donnie McDougall og Bill Wallace var med besetninga på ein del av turneen i Canada og seinare USA. Guess Who turnerte med Cummings frå 2000 til 2003.

Bachman-Cummings[endre | endre wikiteksten]

Cummings spelar stundom konsertar med Randy Bachman som The Bachman-Cummings Band, med The Carpet Frogs (eit band frå Toronto) og gjer stundom konsertar på forskjellige casino i Canada som soloartist. The Bachman-Cummings Band gav ut eit samlealbum kalla Bachman-Cummings Song Book med songar frå The Guess Who, Bachman–Turner Overdrive og solokarrieren til Cummings. Dei gav òg ut albumet The Thunderbird Trax, spelt inn i 1987, men først gjeve ut i 2006.

Order of Canada[endre | endre wikiteksten]

Den 30. desember 2009 vart Cummings utpeikt til offiser i Order of Canada av generalguvernøren Michaëlle Jean. Dette er ein av dei høgaste sivile ordenane i Canada.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering CRIA
CAN US
1976 Burton Cummings 5 30 2× Platina
1977 My Own Way to Rock 4 51 2× Platina
1978 Dream of a Child 11 203 3× Platina
1980 Woman Love 4 Platina
The Best of Burton Cummings 2× Platina
1981 Sweet Sweet 36 Gold
1984 Heart 89
1990 Plus Signs 43 Gold
1994 The Burton Cummings Collection
1996 Up Close and Alone 29 Platina
2008 Above the Ground 16
2012 Massey Hall

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplassering Album
CAN AC CAN CAN Country US US Country AU
1976 «Stand Tall» 1 4 10 5 Burton Cummings
1977 «I'm Scared» 6 43 61 69
«Timeless Love» 13 44 81 My Own Way to Rock
«My Own Way to Rock» 38 74
«Your Back Yard» 63
1978 «Break It to Them Gently» 1 9 85 Dream of a Child
1979 «I Will Play a Rhapsody» 3 20
«It Takes a Fool to Love a Fool» 19 33
«Meanin' So Much» 14 75
«Draggin' 'Em Down the Line (Live with Henry Small)» 33 85 berre singel
1980 «Fine State of Affairs» 30 10 Woman Love
«One and Only» 48 78
1981 «You Saved My Soul» 12 31 37 47 Sweet Sweet
1982 «Mother Keep Your Daughters In» 24
«Something Old, Something New» 26
1984 «Love Dream» 23 Heart
1985 «Whatever Happened to Your Eyes» 27
1990 «Take One Away» 6 16 Plus Signs
«One Day Soon» 27 60
«The Rock's Steady» 97
«Free» 9 72
2004 «With God on Our Side/The Brycer» 29 berre singel
2008 «We Just Came from the U.S.A.» Above the Ground
«Dream»

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

  • California Dreaming (1979)
    • «Among the Yesterdays» (musikk av Fred Karlin / tekst av Robb Royer)
    • «Keep it in the Family» (musikk go tekst av Cummings)
  • Voices (1979)
    • «I Will Always Wait For You (Theme From Voices)» (skriven av Jimmy Webb)
  • Melanie (1982)
    • «You Saved My Soul» (skriven av Cummings)
    • «Real Good» (skriven av Cummings)
    • «Something Old, Something New» (skriven av Cummings)

Samarbeid med Randy Bachman[endre | endre wikiteksten]

  • 2006 Bachman-Cummings Songbook
  • 2006 The Thunderbird Trax
  • 2007 Jukebox

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine (November 4, 2008). «Above the Ground – Burton Cummings | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 28. januar 2015. 
  2. Artist Biography by John Bush (December 31, 1947). «Burton Cummings | Biography». AllMusic. Henta 28. januar 2015. 
  3. Bachman bio at CBC.ca
  4. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961–2001. Record Research. s. 68. 
  5. Melanie.IMDB. Retrieved 9/17/10
  6. «Order of Canada adds 57 names». CBC News. December 30, 2009. Henta 2010-05-19. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]