Eric Carmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eric Carmen
Fødd11. august 1949 (70 år)
FødestadCleveland i Ohio i USA
FødenamnEric Howard Carmen
OpphavLyndhurst i Ohio i USA
Aktiv1967 til i dag
SjangerPoprock, powerpop, softrock
InstrumentVokal, klaverinstrument, gitar
Tilknytte artistarRaspberries, Beach Boys, Shaun Cassidy, Andrew Gold, Burton Cummings, Michael Damian, Ringo Starr & His All-Starr Band
PlateselskapArista, Geffen
Verka somSongar, låtskrivar, musikar

Eric Howard Carmen (fødd 11. august 1949) er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar, gitarist og klaverspelar. Han fekk mange hitsongar i 1970- og 1980-åra, først som medlem av Raspberries (som hadde ein stor hit med «Go All The Way»), og så med solokarrieren sin, inkludert hittar som «All By Myself», «Never Gonna Fall in Love Again», «She Did It», «Hungry Eyes» og «Make Me Lose Control».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Eric Carmen var fødd i Cleveland og voks opp i Lyndhurst i Ohio. Han kom frå ein russisk-amerikansk jødisk familie.[1]

Carmen starta med musikk i tidleg alder. Då han var to år gammal underheldt han foreldra med etterlikningar av Tony Bennett og Johnnie Ray. Tre år gammal starta han på Dalcroze Eurhythmics-programmet ved Cleveland Institute of Music. Seks år gammal fekk han fiolintimar frå Muriel Carmen, tanta hans som var fiolinist i Cleveland Orchestra. 11 år gammal spelte han piano og drøymde å skrive sine eigne songar. Då the Beatles og Rolling Stones slo igjennom vart draumen hans tydlegare. På den tida gjekk han på Charles F. Brush High School og spelte piano og song i rock 'n' roll-band.

Eric Carmen fekk opplæring i piano, og lærte seg på eiga hand å spele gitar. Han kjøpte ei akkordbok med Beatles og lærte seg å spele gitar i løpet av fire månader.

Raspberries[endre | endre wikiteksten]

Carmen tok valet om å bli musikar då han gjekk på John Carroll University. Han vart med i eit band kalla Cyrus Erie, som spelte inn fleire mislukka singlar for Epic records. Gitaristen i Cyrus Erie, Wally Bryson, hadde spelt me venene Jim Bonfanti og Dave Smalley i eit av dei met populære banda i Cleveland, the Choir, som fekk ein liten hit i 1967 med singelen «It's Cold Outside».

Då Cyrus Erie og the Choir braut saman på slutten av 1960-åra, slo Carmen, Bryson, Bonfanti og Smalley seg i lag og danna Raspberries, eit rock and roll-band som var av dei fremste eksponentane for powerpop. Carmen vart frontmann i gruppa og skreiv eller var medlåtskrivar på alle hittane deira. I 1975, etter Raspberries vart oppløyst, starta han solokarrieren sin, og la bort den røffare rockestilen til fordel for softrock og powerballadar, som alt var eit kjennemerke for Carmen-songane på albuma til Raspberries.

I 2004 kom Carmen, i lag med dei originale Raspberries-medlemmane Jim Bonfanti, Wally Bryson og Dave Smalley, saman att for fleire utselde konsertar i USA. Dei spelte då inn eit konsertalbum med hittane sine i The House of Blues på Sunset Strip i Hollywood i California.[2]

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Dei første to singlane hans som soloartist gjekk inn på salslista i 1976. Begge var bygde kring tema av Sergei Rachmaninoff. Den første av desse, «All By Myself» - basert på Rachmaninoff sin Pianokonsert nr. 2 – nådde andreplassen på singellista i USA og 12. plassen i Storbritannia, der han vart den einaste hitten hans. Han selde over ein million eksemplar og fekk gullplate i april 1976.[3] Oppfølgjaren, «Never Gonna Fall in Love Again» – basert på eit tema i den langsame satsen i Rachmaninoff sin Symfoni nr. 2 – nådde 11. plassen på Billboard Hot 100, og toppen av US Adult Contemporary-lista, i tillegg til ein niandeplass på Cash Box-lista. To år etter debutalbumet kom ut, fekk det gullplate i 1977 for meir enn 500 000 eksemplar. «That's Rock and Roll» nådde òg tredjeplassen for songaren Shaun Cassidy.

Det andre albumet til Carmen, «Boats Against the Current» kom ut sommaren 1977 og fekk gode kritikkar. Kjende musikarar spelte på plata, som Burton Cummings, Andrew Gold, Bruce Johnston og Nigel Olsson. Albumet låg 13 veker inne på Billboard-lista i USA og nådde 45. plassen. Det inneheldt hitsingelen «She Did It,» men tittelsporet nådde berre så vidt lista. Tittelsporet vart sidan spelt inn av Olivia Newton-John på albumet hennar Totally Hot. Ein tredje singel frå albumet, «Marathon Man», vart den første singelen hans som ikkje nåde salslista. Shaun Cassidy klarte igjen å nå topp 10 i USA i 1978 med Carmen sin «Hey Deanie» .

Carmen følgde opp med to album til. Trass i at dei selde dårlegare, klarte singelen «Change of Heart» å nå topp 20 på poplista i USA og sjetteplassen på adult contemporary-lista. I 1980, etter albumet Tonight You're Mine og singelen «It Hurts Too Much» (75. plass på Billboard, 3. plass i Sør-Afrika i juni i 1980), trekte han seg ei stund frå musikkindustrien. Fire år seinare, etter at Mike Reno og Ann Wilson hadde toppa listene med Carmen-songen «Almost Paradise» (kjærleikstemaet i filmen Footloose), kom Carmen attende att på Geffen Records i 1985 med eit nytt album kalla opp etter seg sjølv og ein comebacksingel, «I Wanna Hear It From Your Lips». Singelen nådde topp 10 på Adult Contemporary-lista. Oppfølgjaren «I'm Through with Love» nådde òg Billboard Hot 100 og topp 20 på Adult Contemporary-lista. Ein annan song frå albumet, «Maybe My Baby», vart seinare ein countryhit for Louise Mandrell.

Carmen fekk fleire hittar igjen i slutten av 1980-åra. I 1987 skreiv han musikk for den populære filmen Dirty Dancing, «Hungry Eyes» nådde andreplassen på Adult Contemporary-lista og nådde òg topp 10 på poplista. «Reason To Try» var ein del av One Moment In Time, eit samlealbum med songar spelt inn for sommar-OL i Seoul, og Carmen hadde framleis ein høg profil 9 1988, då den nostalgiske «Make Me Lose Control» igjen nådde toppen av Adult Contemporary-lista – der han låg tre veker på rad - i tillegg til at han nådde tredjeplassen på Billboard's Hot 100. Dette vart den største hitten hans sidan «All By Myself». Carmen følgde ikkje på dei to hittane sine med eit nytt studioalbum.

I 2000 kom albumet I Was Born to Love You, som kom ut i 1998 i Japan som Winter Dreams. Carmen spelte dei fleste instrumenta sjølv på albumet. Albumet selde dårleg, men Carmen fekk suksess med songane sine for andre artistar. I 2000 turnerte han for første gongen med Ringo Starr and His All Starr Band der han song «Hungry Eyes», «Go All The Way» og «All By Myself».

24. desember 2013 vart den første innspelinga til Carmen på over 15 år, kalla «Brand New Year» gjeven ut. Songen var skriven og spelt inn månaden før i Ohio og Los Angeles.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Raspberries[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Solosinglar[endre | endre wikiteksten]

  • «All by Myself» (1975)
  • «Never Gonna Fall in Love Again» (1976)
  • «Sunrise» (1976)
  • «That's Rock and Roll» (1976)
  • «She Did It» (1977)
  • «Boats Against the Current» (1977)
  • «Marathon Man» (1977)
  • «Change of Heart» (1978)
  • «Haven't We Come a Long Way» (1978)
  • «End of the World» (1978)
  • «It Hurts Too Much» (1980)
  • «All for Love» (1980)
  • «Foolin' Myself» (1980)
  • «I Wanna Hear It from Your Lips» (1984)
  • «I'm Through with Love» (1984)
  • «The Rock Stops Here» (1986)
  • «Hungry Eyes» (1987)
  • «Make Me Lose Control» (1988)
  • «Reason to Try» (1989)
  • «My Heart Stops» (1991)
  • «Brand New Year» (2013)

Hittar og listeplassering[endre | endre wikiteksten]

Listeplassering[endre | endre wikiteksten]

År US Billboard US Cash Box US Record World US AC CAN CAN AC UK Title
1972 86 90 89 «Don't Want to Say Goodbye" Raspberries
5 4 3 5 «Go All the Way»
16 10 7 17 «I Wanna Be With You»
1973 35 18 14 13 «Let's Pretend»
69 37 43 80 «Tonight»
94 75 «I'm a Rocker»
1974 18 24 26 22 «Overnight Sensation (Hit Record)»
1976 2 1 1 6 3 1 12 «All By Myself» Eric Carmen
11 9 9 1 1 1 «Never Gonna Fall in Love Again»
34 38 28 33 36 29 «Sunrise"
1977 23 15 27 26 11 «She Did It»
1978 88 95 «Boats Against the Current»
19 19 20 6 14 10 «Change of Heart»
62 60 63 30 50 8 «Baby I Need Your Lovin'»
1980 75 83 71 «It Hurts Too Much»
1985 35 37 - 10 17 «I Wanna Hear it from Your Lips»
87 79 - 16 «I'm Through with Love»
1987 4 3 - 2 2 6 82 «Hungry Eyes»
1988 3 4 - 1 2 1 93 «Make Me Lose Control»
87 - «Reason to Try»

Songar sungen av andre[endre | endre wikiteksten]

År Listeplassering Title Artist
1976 «Never Gonna Fall in Love Again» Mark Holden
1977 3 «That's Rock and Roll» Shaun Cassidy
1978 7 «Hey Deanie» Shaun Cassidy
1978 «Boats Against the Current» Olivia Newton-John
1978 «Change of Heart» Samantha Sang
1979 81 «I Need You» Euclid Beach Band
1981 69 «She Did It» Michael Damian
1984 7 «Almost Paradise» Mike Reno & Ann Wilson
1995 86 «(I Wanna Take) Forever Tonight» Peter Cetera
1996 3 (UK) «I Need You» 3T
1997 4 «All By Myself» Celine Dion
1999 NC «Someone That You Loved Before» Diana Ross

Billboard Country-singlar[endre | endre wikiteksten]

År Listeplassering Tittel Artist
1985 8 «Maybe My Baby» Louise Mandrell
1986 35 «I Wanna Hear It From Your Lips» Louise Mandrell
1988 51 «As Long As We Got Each Other» Louise Mandrell & Eric Carmen (duett)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «'All by Himself' among musicians; Jewish Clevelander Eric Carmen reflects on his life as a rock star - Cleveland Jewish News». Highbeam.com. 31. desember 2004. Henta 27. januar 2015. 
  2. Eustacio Humphrey (12. desember 2007). «Raspberries show and album review – Cleveland, OH 12/12/2007». Cleveland.com. Henta 27. januar 2015. 
  3. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 355. ISBN 0-214-20512-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]