Butare
Butare | |
![]() Butare | |
Systematikk | |
Rekkje: | Ochrophyta |
Underrekkje: | Phaeista |
Klasse: | Brunalgar Phaeophyceae |
Underklasse: | Fucophycidae |
Orden: | Tare Laminariales |
Familie: | Alariaceae |
Slekt: | Alaria |
Art: | Butare A. esculenta |
Vitskapleg namn | |
Alaria esculenta |
Butare er ein brunalge som veks på eksponerte stader langs delar av norskekysten.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Butaren kan verte fleire meter lang. Til skilnad frå sukkertaren som og har eit blad, er bladet tynt og har ei tydeleg midtribbe. Ofte splittar bladet seg på tvers inn til midtribba. Stilkpartiet nedst er fleirårig, men bladet er eittårig.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Planta finst i Europa i Frankrike, dei britiske øyane, Nederland, Helgoland, Noreg og vestover på Færøyane, Island, Grønland, Labrador og sørover til Massachusetts. Butaren finst og i Alaska.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Taren kan etast, både rå og kokt, og er brukt som mat langs nordlegaste delen av Atlanterhavet, spesielt på Grønland, Island, i Skottland og Irland.
Det var før vanleg å skjera taren til å gjeva til feet når det var fôrmangel etter vinteren.[1]
Førekomst i Noreg
[endre | endre wikiteksten]I Noreg finst butaren på Vestlandet og nordover til Nord-Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alaria esculenta» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2012.
- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard).
- ↑ Finn Myrvang (1977). Att i Ariblå. Bodø: Nordland Boktrykkeri AS. s. 135. ISBN 82-90030-84-3.