Bybane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bybanen i Bergen den fyrste dagen med passasjerar
Foto: Nina Aldin Thune

Bybane er ei sporvognsline som i stor grad køyrer skild frå annan trafikk ved å ha filer for seg sjølv i bygatene, og ellers gå på eigen trasé utanfor sentrumsområda. Saman med prioritert ferdsel i lysregulerte gate- og vegkryss, gjer dette at han kan halde etter måten høg fart. Han kan trafikkera både sentrum og periferi i byar. Tanken er at bybanen skal køyre der folk er, til liks med den vanlege bytrikken, samstundes som han, til liks med ein T-bane, skal frakte folk snøgt over lengre avstandar i områda utanfor bykjerna.

I Noreg er det berre Bergen som har ein moderne bybane. Frå gamalt av er det i Oslo og Trondheim forstadsbanar som liknar på bybanar, som Gråkallbanen i Trondheim og Ekebergbanen og Lilleakerbanen i Oslo. Men til skildnad frå bybanane, går desse trikkane saman med anna trafikk i bygatene i sentrum, og på eigen trasé berre utanfor sentrumsområdet.

Dei fleste nye sporvognsliner er bygde med bybanestandard, som altså til dømes Bybanen i Bergen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ordet bybane er ein ordrett omsetjing av det tyske ordet 'Stadtbahn'. Dei fyrste moderne bybanane vart bygde i Tyskland i 1960- og 70-åra i byar som Stuttgart, Köln og Hannover. Bybanen er ei vidareutvikling av sporvogna, og i Tyskland er bybanesystema i mange tilfelle ombygde sporvegar.

Bybanar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]