Bye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Regnbye ved Lunde på Nordfyn, Danmark.

Ei bye eller bøye (frå nederlandsk bui)[1] er den nedbøren som kjem frå ei byesky (cumulonimbus). Det kan også koma lette byer frå ei stor haugsky. Byeskya har vassrett grunnflate og veks kraftig oppover med flisa eller trevla topp. Ho veks ofte utover i toppen som ein ambolt.

Byeskya gjev altså regnbyer, snøbyer og haglbyer. Kvar bye varer berre ei stutt tid, og so vert det opplett att.

Når det er regnbyer eller snø/haglbyer er det også ofte vindkast eller vindvariasjonar. Byeskyer kan òg laga torevêr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne klimaartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.