Byen Bremen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bremen
Horisonten til Bremen
Horisonten til Bremen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Byen Bremen
Byen Bremen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bremen
Ingen
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

326,72 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

547 162
  1 671/km²
Koordinatar 53°4′0″N 8°49′0″EKoordinatar: 53°4′0″N 8°49′0″E
Høgd over havet 12 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 28001–28779
Telefon-retningsnummer 0421
Bilnummer HB
Heimeside: www.bremen.de

Bremen (offisielt namn Stadtgemeinde Bremen) er ein hansaby nordvest i Tyskland. Han er ein hamneby ved elva Weser, om lag 60 km sør for munningen hennar i Nordsjøen. Bremen er ein av to byar i delstaten Bremen, som har det offisielle namnet Freie Hansestadt Bremen, som referer til Hansaen. Byen har eit folketal på om lag 550 000 innbyggjarar. Storbyområdet (Bremen-Oldenburg) har om lag 2,4 millionar innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Schnoor i Bremen

700-talet avanserte troppane til Karl den store fram til Weser for å kristne stammene som var busett her. Den svenske vikingen Rurik, som hadde fått land i Friesland, plyndra byen i 859, og som følgje av dette og andre ugjerningar vart han utvist av Ludvig II. Bremen, som kan ha vore ein eldre busetnad, vart eit bispedøme på denne tida. Eit dokument hevda at byen vart grunnlagd i 788, men det viste seg at dette berre var ein forfalsking, så det nøyaktige årstalet er ukjend. Dei følgjande hundreåra var biskopane i Bremen drivkrafta bak kristninga av Skandinavia.

1100-talet vart makta til erkebiskopane utfordra av Henrik Løve. Hertugen vann fram og vart herskar i byen. Desse hendingane førte til eit borgarleg styre av byen, medan kyrkja mista makta si. Bremen vart ein kjøpstad, og skipa frå byen dominerte den sørlege delen av Nordsjøen. Denne dominansen enda då Hansaen vart oppretta, opphavleg ein handelsallianse i Austersjøen, som vart utvida til Nordsjøen. Tidleg på 1300-talet gjekk sjørøvarskip frå Bremen til åtak på handelsskipa til Hansaen. For å unngå open krig reiste rådmenn frå Bremen til det hanseatiske styret i Lübeck og vart einige om å verte medlemmar av handelsorganisasjonen (1358).

Bremen vart verande eit motvillig medlem av Hansaen. Byen kravde støtte i krigane mot høvdingane i Friesland, som styrte området rundt munningen av Weser, men var sjølv sjeldan med i felttog i Austersjøen. I 1425 eskalerte konflikten då innbyggjarane brende hanseatiske dokument på markedsplassen. Bremen vart for ei tid kasta ut av organisasjonen i 1427. Konsekvensane følgde raskt etter, og dette makttapet førte snart til at nabostatane gjorde krav på område i Bremen (t.d. Oldenburg) , og byen mista store område.

Tyskland si første menneskeskapte hamn vart bygd i Vegesack i 1620.

6. mars 1901 vart det utført eit drapsforsøk på Vilhelm II av Tyskland i Bremen.

Etter den andre verdskrigen vart Bremen ein del av den amerikanske okkupasjonssonen, sidan USA ville ha ein hamneby i sonen sin. Dette gjorde at Bremen ikkje vart ein del av den nye delstaten Niedersachsen som vart oppretta i den britiske sonen, og dermed vart Bremen ein sjølvstendig delstat i det nye Vest-Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bremen