Vilhelm II av Tyskland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vilhelm II og kona Auguste Viktoria av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Augustenburg, som han gifta seg med i 1881

Vilhelm II av Tyskland (tysk: Wilhelm II), (27. januar 18594. juni 1941), døypt Friedrich Wilhelm Albert Victor, med tittelen prins av Hohenzollern, var keisar av Tyskland i tida 1888-1918. Vilhelm II var den siste tyske keisaren og kongen av Preussen. Han vart fødd i Potsdam og døydde i Doorn i Nederland.

Vilhelm II var son til keisar Fredrik III av Tyskland og keisarinne Viktoria. Keisarinna var dotter til dronning Victoria av Storbritannia. Vilhelm II var soleis soneson både av keisar Vilhelm I av Tyskland og dronning Victoria av Storbritannia.

Vilhelm II var tysk keisar og konge av Preussen frå 1888 til 1918. I 1890 lét han Otto von Bismarck gå av som tysk rikskanslar.

Etter nederlaget i fyrste verdskrig gjekk han av som keisar og flykta til Nederland, der han døydde i 1941.

Vilhelm II og Noreg[endre | endre wikiteksten]

Vilhelm II og leiande tyske krinsar reiste om somrane ofte langs kysten av Noreg. Mellom anna var keisaren innom i Balestrand og i Odda. Reisene gjekk ofte føre seg på krigsskip, og keisaren fekk synt fram Tyskland si flåtemakt.

Ålesund brann i 1904 fekk Vilhelm organisert hjelp til gjenoppbygging av byen. Ålesund vart bygd opp i mykje tyskinspirert jugendstil.

I 1913 fekk Vilhelm II reist ein kjempestatue av vikinghelten Fridtjof den frøkneVangsnes, og statuen av kong Bele ved gravhaugane i Balestrand. Reisinga av statuane var uttrykk for ei ovundring av vikingtida.

1. august 1888 vart Vilhelm tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettlenkjer

Litteratur

  • Henningsen, Bernt: (m.fl.): Tyskland og Skandinavia : 1800-1914 : impulser og brytninger, Berlin 1997. ISBN 91-7100-542-0