Friesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Friesland i Nederland. (Sjå eventuelt diskusjon)

Friesland er ein provins i det nordvestre hjørnet av Nederland. (Det offisielle namnet på nederlandsk og frisisk er Fryslân.) Provinsen har om lag 643.000 innbyggjarar. Hovudstaden heiter Leeuwarden på nederlandsk, Ljouwert' på frisisk. Provinsen har to offisielle språk, frisisk og nederlandsk.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

I aust er Friesland avgrensa av provinsane Groningen og Drenthe, i sør av Overijssel og Flevoland, i sørvest av innsjøen IJsselmeer, i vest og nord av Vadehavet. Friesland er knytt til Noord-Holland gjennom Afsluitdijk.

Til provinsen høyrer òg vadeøyar: Flylân (Vlieland på nederlandsk), Skylge (Terschelling på nederlandsk), It Amelân (Ameland på nederlandsk) og Skiermûntseach (Schiermonnikoog på nederlandsk).

Friesland er i lag med Drenthe den tynnast folkesette provinsen i Nederland.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Det frisiske namnet på Friesland har vore "Fryslân", medan den nederlandske skrivemåten "Friesland" har vore ei delvis tilpassing til frisisk frå skrivemåten "Vriesland" (som er i samsvar med det ortografiske systemet i nederlandsk). Sidan 1. januar 1997 har så det offisielle namnet òg på nederlandsk vore "Fryslân". I november 2004 bestemte innanriksdepartementet i Nederland at skrivemåten "Fryslân" skal nyttast i offisielle dokument. Når skrivemåten "Friesland" vert nytta i norsk, og ikkje t.d. "Frisland", er det på grunn av at Norsk språkråd tidlegare har gjort vedtak om det, ut frå det som har vore den nederlandske skrivemåten.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romerske historikarar som Plinius og Tacitus fortel før vår tidsrekning om eit folk som vart kalla frisarar, og at dei budde i området "Friisi" som strekte seg frå Rhin-deltaet til elva Emden i Tyskland. Frå 678 kjenner vi til ein frisisk konge, Aldgillis. Lovverket Lex Frisionum (802) fortel om eit frisisk rike. Frå 1200-talet har vi ein del tekstar skrivne på frisisk. Det er omdiskutert kor vidt det frisisktalande området rakk i mellomalderen, det vert stundom tala om kystområdet frå Brügge i Belgia til elva Weser i Nord-Tyskland.

I seinmellomalderen snevra det frisiske riket inn. I 1289 vart styringa av det frisiske området i sør overteke av hollendarar, og deretter fall store delar av det frisiske området ifrå. Det området som heldt stand lengst, var det som i dag utgjer provinsen Friesland. Fram til 1500-talet markerte frisarane seg då òg i fleire samanhengar, i handel, sjøfart og vitskap. Den 26. september 1345 slo frisarane jamvel hollandske inntrengjarar i slaget ved Warns. Minnet om slaget vart feira fram til 1500-talet og på 1800- og 1900-talet teke opp at den frisiske rørsla.

På 1500-talet rakna òg det politiske sjølvstendet for Friesland, fyrst gjennom saksisk kontroll (1498), dinest gjennom fyrstehuset Habsburg (1524) og så gjennom Utrecht-unionen (1579). Provinsen Friesland fekk visse autonome rettar under unionen, men den politiske styringa vart flytta ut, det kom inn nederlandsspråklege embetsmenn, og handelen vart meir kontrollert av hollendarar.

På 1500-talet vart handelskontakten med hollendarar meir intensivert, og Friesland vart ført inn i pengeøkonomien gjennom modernisering og spesialisering innanfor jordbruket og fiske. Eit anna aspekt var at Friesland var prega av småe landsbyar, og ikkje hadde noko sterkt økonomisk, politisk og kulturelt sentrum. Det var med på å gjere Friesland politisk veikare. Økonomisk var derimot perioden 1500–1700 ei framgangstid for folk i provinsen. Sidan Friesland hadde svak jordbruksadel og effektivt jordbruk, hadde den frisiske bonden relativt gode vilkår samanlikna med bønder elles i Europa.

Under den bataviske republikken frå 1795 til 1806 vart gamle styringsinstitusjonar rivne ned. Etter omdanninga av Nederland til kongeriket Holland i 1806 og seinare, i 1810, då Napoleon gjorde Nederland til del av Frankrike, fekk det frisiske aristokratiet tilbake gamle privilegium. Men då hadde fleire i Friesland teke til å diskutere spørsmål om sjølvstende, og det var ein grunn til at Napoleon stengde det einaste universitetet i Friesland, i Frentsjer (nederlandsk Franeker). Nasjonalismen som voks fram på denne tida var nederlandsk, men det voks likevel fram ei interesse for frisisk som del av det nederlandske.

Sidan 1814 har Friesland vore ein nederlandsk provins.

Utover på 1800-talet voks interessa for frisisk språk og kultur fram, fyrst som eit akademisk fenomen, bl.a. av Everwinus Wassenbergh, Montanus de Haan Hettema og brørne Joast, Eeltsje og Tsjalling Hiddes Halbertsma. Det voks òg fram institusjonar som arbeidde for frisisk. I 1827 kom "Friesch Genootschap van Geschied-, Oudheid- en Talkunde, medan i 1844 kom "Selskip foar Fryske Taal en Skriftekennisse"; den sistnemnde institusjonen kan i stor grad jamførast med Det Norske Samlaget i Noreg. På slutten av 1800-talet skjedde det og ei kopling mellom den frisiske rørsla og arbeidarrørsla, særleg gjennom Pieter Jelles Troelstra.

Fram til andre verdskrigen var det den frisiske rørsla som stod for det meste av arbeidet for frisisk språk, sjølvstende og kultur. Etter andre verdskrigen har dei frisiske provinssstyresmaktene spela ei viktig rolle. Også Fryske Akademy har spela ei rolle for frisisk språk og kultur. Ein har likevel ikkje oppnådd omfattande territoriell autonomi i Friesland, og heller ikkje fått sterke språkrettar for frisisk, men så har ein heller ikkje hatt den sterke politiske mobiliseringa som i andre europeiske regionar med minoritetsspråk, t.d. i Catalonia og i Baskarland.

Karakter[endre | endre wikiteksten]

Friesland er eit utprega jordbruksland med åkerlandskap og marker. Ei kurase, frisisk ku, og hesterase, frisisk hest, kjem frå provinsen. I tillegg til jordbruk har turisme vorte ei viktig inntektskjelde.

For nordmenn er Friesland kjent som sentrum for skøytesporten i Nederland.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Nederlandsk wikipedia
  • Aschehougs Verdenshistorie
  • Brunstad, Endre. 1995. Nasjonalisme som språkpolitisk ideologi. Om nynorsk, frisisk og færøysk målreising. Oslo: Noregs forskingsråd.
  • Gorter, Durk mfl. (red.). 1994. Taal yn Fryslân. Ljouwert: Fryske Akademy.
  • Schaaf, Sjoerd van der. 1977. Skiednis fand de Fryske Bewegung. Ljouwert: De Tille.