Byggjeheis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tannhjul og tannstang

Byggjeheis er ein heis som vert mellombels montert på utsida av ein bygning for transport av folk og materiale under bygging, reparasjon og ombygging av bygningen. Heisen er konstruert slik at han vert driven av elektriske motorar på sjølve heiskabinen eller heisplattforma, og «klatrar» opp og ned ved hjelp av tannhjul som grip inn i ei tannstang på frittståande beresøyler på utsida av bygningen, festa med stag til fasaden på bygningen. Heisen er utstyrt med tryggings- og styringsmekanismer.