Bymuseet i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bymuseet i Bergen er ei museumseining i Bergen. Museet vart etablert 1. juli 2005 som ei samanslåing av Gamle Bergen (ei museumssamling av gamle byhus frå Bergen), Bryggens museum, Lepramuseet (det tidlegare St. Jørgens Hospital for spedalske), Bergen Skolemuseum, Damsgård hovedgård og Alvøen hovedbygning. Frå 1. januar 2007 vart òg Hordamuseet i Fana (med samlingar av hus, inventar og reiskap frå gamal tid i Hordaland) ein del av Bymuseet.

Bymuseet har årleg kring 150 000 besøkjande, og forvaltar over 80 byggverk i Bergen kommune. Mellom anna har museet ansvar for Rosenkrantztårnet og Håkonshallen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]