Caldastanagar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Caldastanagar
Caldastanagar Foto: Félix Uribe
Caldastanagar
Foto: Félix Uribe
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Caldastanagar
Utbreiinga av Caldastanagar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Bangsia
Art: Caldastanagar B. melanochlamys
Vitskapleg namn
Bangsia melanochlamys

Caldastanagar (Bangsia melanochlamys) er ein fugl i tanagarfamilien som er endemisk for Colombia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein robust bygd tanagar, ca. 15 centimeter og med vekt på rundt 40 gram. Kjønna er like. Dei har tjukt svart nebb og kort, svart hale. Fjørdrakta til vaksne har mørk blåleg til svart overside, heile hovudet og strupe, øvre bryst er svart. Nedre bryst, buk og undergump er kraftig gul. Han har eit ceruleanblått område øvst på vengen.[1]

Utbreiingsområdet er skildra som todelt. Ein populasjon ligg i vestsida og nordsida av den sentrale fjellkjeda av Andes, innanfor sørlege Antioquia, ved elva Nechí og innanfor reservatet Reserva la Serrana. Det andre området ligg langs vestsida av vestlege Andes, særleg i Cerro Tatamá og Mistrató. Området er avgrensa, men fell litt innanfor tre departement: Chocó, Risaralda og Valle del Cauca. Caldastanagarar lever her i fuktig til våt subtropisk alpin skog eller tåkeskog i høgder frå 1000 til 2285 moh.[2] Føda er i stor grad frukt, men leddyr er eit supplement.

Populasjonen er estimert til å ligge mellom 600 og 1700 individ og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt sårbar.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Hilty, S. (2018) Black-and-gold Tanager (Bangsia melanochlamys) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 20. september 2018
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2018) Species factsheet: Bangsia melanochlamys. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. september 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Caldastanagar