Camille Jordan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Camille Jordan

Fødd5. januar 1838
Lyon
Død22. januar 1922
Paris
NasjonalitetFransk
Områdegruppeteori, matematikk, lineær algebra, målteori
YrkeMatematikar
InstitusjonarCollège de France
École polytechnique
Alma materÉcole polytechnique
École nationale supérieure des mines de Paris
DoktorgradsrettleiarVictor Puiseux
Joseph-Alfred Serret
BarnÉdouard Jordan
MedlemRoyal Society
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det franske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL
London Mathematical Society
Göttingens vitenskapsakademi
National Academy of Sciences
Accademia delle Scienze di Torino

Marie Ennemond Camille Jordan (5. januar 183822. januar 1922) var ein fransk matematikar, kjend for det grunnleggande arbeidet sitt innan gruppeteori og for verket Cours d'analyse.

Han var professor ved Collège de France og École polytechnique frå 1876 til 1912. Hovudverket til Jordan er Traité des substitutions et des équations algébriques som kom ut i 1870. Her finn ein for første gong ei systematisk framstilling av gruppeteorien og korleis ein nyttar dette på den abel-galoiske likningsteorien. Dette arbeidet har vore grunnleggande for den seinare utviklinga av gruppeteorien. Innan gruppeteorien er namnet til Jordan særleg knytt til Jordan–Höldersk-satsen, som omhandlar dei såkalla komposisjonsrekkene i ei gruppe. Satsen til Jordan om kurvar som deler planter er særleg viktig innan topologien.

Jordan var i fleire år redaktør for Journal des mathématiques. Cours d'analyse, som kom ut i fleire utgåver, var i mange år den viktigaste læreboka i funksjonteori. Jordan vart æresdoktor ved Universitetet i Oslo ved Abelfesten i 1902.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Camille_Jordan» i Store norske leksikon, snl.no.