Can't Smile Without You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Can't Smile Without You
Singel av The Carpenters
frå albumet A Kind of Hush
Utgjeve 9. september 1977
Innspelt 1976
Sjanger Pop
Lengd 3:25
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Christian Arnold, Geoff Morrow, David Martin
Produsent Richard and Karen Carpenter
Can't Smile Without You
Singel av Barry Manilow
frå albumet Even Now
Utgjeve 1978
Innspelt 1977
Sjanger Pop
Lengd 3:28
Selskap Arista
Låtskrivar(ar) Christian Arnold, Geoff Morrow, David Martin
Produsent Barry Manilow, Ron Dante

«Can't Smile Without You» er ein song skriven av Christian Arnold, David Martin og Geoff Morrow, mest kjend for utgåva med Barry Manilow.[1]

«Can't Smile Without You» var den første singelen frå Manilow-albumet Even Now. Songen vart gjeven ut som singel i 1978 og nådde toppen av AC-lista i USA og tredjeplassen på Billboard Hot 100.[2] Tidlegare vart songen spelt inn av The Carpenters på albumet A Kind of Hush i 1976, og vart gjeven ut som B-sida til hitten «Calling Occupants of Interplanetary Craft» året etter. Manilow-versjonen hadde ein noko anna tekst enn Carpenters.

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Engelbert Humperdinck og Jerry Lewis.

Songen er med i filmar som Four Weddings and a Funeral, Deuce Bigalow: Male Gigolo, Unconditional Love, Starsky & Hutch, Hellboy II: The Golden Army og Fear and Loathing in Las Vegas.

På vegne av låtskrivarane saksøkte forlaget Dick James Music George Michael for plagiet i midten av 1980-åra og hevda at Wham!-songen «Last Christmas» frå 1984 nytta melodien frå «Can't Smile Without You». Dei kom til forlik utafor retten.[3] I 2010 vart George Michael offentleg frikjend for alle skuldingar.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Davis, Clive (17. desember 2009), «The Great American Seasonal Songbook; arts first night Cabaret», The Times (London): 16–17 
  2. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 155. 
  3. Thomas, David (29. desember 2012), «Classic hits that only got to NO2», The Daily Mail (London) 
  4. «Remember 25 years ago», The Sentinel (Stoke): 28, 30. oktober 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]