A Kind of Hush av Carpenters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A Kind of Hush
Studioalbum av The Carpenters
Utgjeve Mai 1976
Innspelt 1976
Sjanger Pop, easy listening, adult contemporary
Lengd 33:39
Selskap A&M
Produsent Richard Carpenter/Associate Produsent - Karen Carpenter
The Carpenters-kronologi
Horizon
(1975)
A Kind of Hush Live at the Palladium
(1977)


A Kind of Hush er det sjuande studioalbumet til den amerikanske popduoen The Carpenters. Det vart gjeve ut i mai 1976.

Då albumet vart spelt inn, hadde avhengigheita til Richard Carpenter for sovepiller byrja å påverke han profesjonelt, og han har sjølv skulda på dette for at albumet i følgje han sjølv vart under par.[1] Dei tre singlane frå albumet vart alle hittar. «There's a Kind of Hush (All Over the World)», ein coverversjon av ein 60-talslåt av Herman's Hermits, nådde topp 30 i Storbritannia[2] og topp 20 i USA, i tillegg til at han toppa adult contemporary-lista i USA.[3] «I Need to Be in Love» nådde 25. plassen på singellista i USA[4] og 36. plassen i Storbritannia.[2] «Goofus» vart berre ein mindre suksess, og stoppa på 56. plassen på Billboard-lista, men nådde topp 10 på adult contemporary-lista.[5]

John Bettis kalla «I Need to Be in Love» favoritteksten hans av dei tekstane han skreiv for Karen Carpenter. «Om det var nokon gong noko som kom rett frå hjartet mitt til Karen, så må det ha vore denne, og er særs stolt over det». Richard Carpenter har fortalt at songen «vart Karen sin favoritt av Carpenters-songane».[1]

Trass i at albumet selde til gullplate og nådde høgt på albumlista i Storbritannia, vart det rekna som kommersielt skuffande. I USA nådde det ikkje ein gong topp 30.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [7]
The Rolling Stone Album Guide2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg [8]

Allmusic trekk fram enkelte høgdepunkt, men generelt er den retrospektive meldinga negativ. Dei kalla albumet «behageleg, godt sunge, og bra framført, men alt i alt middels». Dei kritiserer særleg songutvalet, og at albumformelen minnar for mykje om dei føregåande Carpenters-albuma.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «There's a Kind of Hush»  Les Reed, Geoff Stephens 2:57
2. «You»  Randy Edelman 3:52
3. «Sandy»  Richard Carpenter, John Bettis 3:42
4. «Goofus»  William Harold, Gus Kahn, Wayne King 3:09
5. «Can't Smile Without You»  Chris Arnold, David Martin, Geoff Morrow 3:28
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «I Need to Be in Love»  Carpenter, John Bettis, Albert Hammond 3:47
7. «One More Time»  Lewis Anderson 3:32
8. «Boat to Sail»  Jackie De Shannon 3:31
9. «I Have You»  Carpenter, John Bettis 3:27
10. «Breaking Up Is Hard to Do»  Neil Sedaka, Howard Greenfield 2:35

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «There's a Kind of Hush»
    • US 7" single (1976) – A&M 1800
  1. «There's a Kind of Hush (All Over the World)»
  2. «(I'm Caught Between) Goodbye and I Love You»
    • UK 7" single (1976) – AMS7219
  1. «There's a Kind of Hush (All Over the World)»
  2. «(I'm Caught Between) Goodbye and I Love You»
    • JP 7" single (1976) – CM-2001
  1. «There's a Kind of Hush (All Over the World)»
  2. «(I'm Caught Between) Goodbye and I Love You»
  • «I Need to Be in Love»
    • 7" single (1976) – A&M 1828
  1. «I Need to Be in Love»
  2. «Sandy»
    • JP 7" promo (1976) – CM-2020
  1. «I Need to Be in Love»
  2. «Sandy»
    • JP CD single (1995) – PODM-1060
  1. «I Need to Be in Love»
  2. «Top of the World»
  • «Goofus»
    • US 7" single (1976) – A&M 1859
  1. «Goofus»
  2. «Boat to Sail»
  • «Breaking Up Is Hard to Do»
    • JP 7" single (1976) – CM-2025
  1. «Breaking Up Is Hard to Do»
  2. «I Have You»
  • «I Have You»
    • MX 7" single (1978) – AM-064
  1. «I Have You»
  2. «Sweet, Sweet Smile»

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Australian Kent Music Report Album Chart[9] 57
Canadian RPM Album Chart[10] 22
Japanske Oricon albumliste[11] 5
New Zealand[12] 15
Noreg - VG-lista[13] 17
UK Album Chart[14] 3
USA Billboard 200[15] 33

Årlister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Japan[16] 39

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Richard Carpenter's comments on A Kind Of Hush, RichardAndKarenCarpenter.com.
  2. 2,0 2,1 Carpenters UK chart history, The Official Charts Company. Henta 8. februar 2015.
  3. «There's a Kind of Hush» USA chart history, Billboard.com. Henta 8. februar 2015.
  4. «I Need to Be in Love» USA chart history, Billboard.com. Henta 8. februar 2015.
  5. «Goofus» USA chart history, Billboard.com. Henta 8. februar 2015.
  6. Complete Guide to the music of The Carpenters, John Tobler, Omnibus Press ISBN 0-7119-6312-6
  7. 7,0 7,1 Eder, Bruce. A Kind of Hush av CarpentersAllmusic
  8. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 140. ISBN 0-7432-0169-8. 
  9. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  10. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». RPM. Henta 3. februar 2015. 
  11. a-カーペンターズ «Yamachan Land (Japanese Chart Archives) - Album Chart Daijiten - Carpenters» Check |url= value (hjelp) (på Japanese). Original Confidence. 30. desember 2007. Henta 3. februar 2015. 
  12. «charts.org.nz Carpenters - A Kind of Hush» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 3. februar 2015. 
  13. «norwegiancharts.com Carpenters - A Kind of Hush» (ASP). Henta 3. februar 20158. 
  14. «Chart Stats - Carpenters - A Kind of Hush» (PHP). UK Album Chart. Henta 3. februar 2015. 
  15. Allmusic Carpenters > A Kind of Hush > Charts & Awards > Billboard Album
  16. 1976年アルバム年間ヒットチャート «Japanese Year-End Album Charts 1976» Check |url= value (hjelp) (på Japanese). Oricon. Henta 3. februar 2015.