Cape Morse
Cape Morse | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Wilkes Land | ||
- koordinatar | 66°15′S 130°10′E / 66.250°S 130.167°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cape Morse 66°15′00″S 130°10′01″E / 66.25°S 130.167°E | |||
Cape Morse er eit lågt, isdekt nes på austsida av innløpet til Porpoise Bay og dannar skiljet mellom Banzare Coast og Clarie Coast i Wilkes Land. Det vart skissert frå flyfoto teken under USN Operasjon Highjump (1946–47), og vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter William H. Morse, stuert på briggen «Porpoise» under US Exploring Expedition (1838–42) under Charles Wilkes.
Kring 5 km sørvest for Cape Morse ligg Morsebreen (66°21′S 130°5′E / 66.350°S 130.083°E), ein kanalbre som renn langs austsida av Porpoise Bay. Denne vart òg kartlagd frå flyfoto teken av Operasjon Highjump.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Morse» (innhald frå Geographic Names Information System).