Hopp til innhald

United States Exploring Expedition

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå US Exploring Expedition)
United States Exploring Expedition

USS «Vincennes» ved Disappointment Bay i Antarktis tidleg 1840.
Dato 1838–1842
Stad Stillehavet, Sørishavet, Atlanterhavet, Nord-Amerika, Sør-Amerika, Asia, Afrika, Australia, Antarktis, Oseania
Resultat Suksessrik ekspedisjon trass konfliktane med innfødde folk.
Partar
 USA  Fiji
 Samoa
Flagget til Kiribati Tabiteuea
Kommandantar
Charles Wilkes
William L. Hudson
Samoa:
Flagget til Samoa Malietoa Moli
Styrkar
2 korvettar
1 skip
1 brigg
2 skonnertar
ukjend
Tap
~30 drepne eller skadde
1 korvette sokk
1 skonnert sokk[1]
Fiji:
~80 drepne eller skadde
Tabiteuea:
12 drepne

United States Exploring Expedition var ein oppdagings- og kartleggingsekspedisjon i Stillehavet og landområda kring utført av USA frå 1838 til 1842. Opphavleg vart kommandør Thomas ap Catesby Jones utpeikt som øvstkommanderande. Reisa vart autorisert av Kongressen i 1836. Ekspedisjonen vert stundom kalla «U.S. Ex. Ex.» eller «Wilkes-ekspedisjonen» til ære for den neste utpeikte øvstkommenderande, løytnant Charles Wilkes. Ekspedisjonen var særs viktig i det aukande vitskapsmiljøet i USA, særleg innan det nye feltet oseanografi. I løpet av ekspedisjonen vart det væpna konfliktar med dei fastbuande på stillehavsøyane og både amerikanarar og dei innfødde mista menn i desse hendingane.

  1. Philbrick

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]