Captain Toad: Treasure Tracker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Captain Toad: Treasure Tracker
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
Kreativt ansvarleg(e)Kenta Motokura
Shinya Hiratake
Produsent(ar)Koichi Hayashida
Komponist(ar)Mahito Yokota
Plattform(er)Wii U, Nintendo 3DS, Nintendo Switch
UtgjevingWii U
JP: 13. november 2014
NA: 5. desember 2014
EU: 2. januar 2015
Nintendo 3DS, Nintendo Switch
13. juli 2018
SjangerHjernetrim
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Captain Toad: Treasure Tracker er eit hjernetrimspel utvikla av Nintendo EAD Tokyo og utgjeve av Nintendo. Spelet er eit biprodukt av Super Mario-serien og bygger på eit minispel introdusert i Super Mario 3D World. Det vart utgjeve til Wii U i november 2014 i Japan, desember 2014 i Nord-Amerika og januar 2015 i Europa, og i ei utvida utgåve til Nintendo 3DS og Nintendo Switch i juli 2018, med nye nivå inspirert av Super Mario Odyssey.[1]

Captain Toad: Treasure Tracker handlar om Captain Toad og Toadette som skal navigere seg gjennom ulike banar og fram til ei gullstjerne. Spelaren må bruke kameraet for å sjå problemet frå ulike vinklar, og dimed kome fram til ei løysning for å nå gullstjerna.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.