Carl Albert Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Albert Andersen
Fødd 15. august 1876, Christiania
Død 28. september 1951, Oslo

Carl Albert «Flisa» Andersen (15. august 187628. september 1951) var ein norsk friidrettsutaver og turnar. Han deltok i sommar-OL 1900 og 1908, og ekstraleikane i 1906. Han vert rekna for å vere Noregs første olympiske medaljevinnar då han vart tredje beste i stavsprang under leikane i 1900, med ny nordisk rekord - 3,20 m. Men sidan det i desse leikane berre vart delt ut medalje til dei to fyrste i kvar øving, fekk han aldri eigentleg noko medalje. Det er likevel vanleg å rekne dei som kom på tredjeplass i øvingane under desse leikane som medaljevinnarar i historiske oversikter. Andersen vart òg nr fire i høgdehopp med eit sprang på 1,70 m.

Andersen vart norsk meister både i stavsprang og høgde i 1896, 1897 og 1900. I 1906 deltok Andersen på det norske gymnastikklaget som tok lag-gull under jubileumsleikane i Aten. To år seinare var han òg på laget da det norske gymnastikklaget tok sølv i London.

Andersen represente Oslo-klubbane Ørnulf Idrætsforening og Oslo Turnforening.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P. Chr. Andersen: De olympiske leker gjennom 50 år. Dreyers Forlag, 1945
  • Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt: Idrettsleksikon. Kunnskapsforlaget, 1990. ISBN 82-573-0408-5
  • Per Jorsett: 100 år med olympiske leker. Hjemmets Bokforlag, 1996. ISBN 82-590-1681-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]